Den beste plasseringa kan Stryn vidaregåande skule skilte med, best i landet i matematikk med eit snitt på 4.8. Og fleire Sogn og Fjordane-skular ligg høgt på listene. Firda vidaregåande skule pustar Stryn i nakken berre seks plassar bak. Og i sidemål er både Eid og Dale mellom dei ti beste.
Rektor i Dale, Jonn Helle, trur dei høge plasseringane skuldast eit godt læremiljø som følgje av at skulane her i fylket er relativt små.