NRK Meny
Normal

Fleire vurderer storfusjon

Fleire fiskeindustriverksemder vurderer å verte med i storfusjonen mellom Domsten Pelagic og Global Seafood.

15. januar vende styret i Westcoast-gruppa tommelen ned for å gå samla inn i fiskerigiganten.

Men administrerande direktør Gunnar Domstein i Domstein Pelagic seier til Bergens Tidende at nokre av Westcoast-gruppa sine medlemer tel på knappane og vurderer å bli med for seg sjølve.

Verksemdene har fått frist til i dag med å gi eit svar. 

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy