– Vi fekk påskeveka vår i vinterferien, med strålande vêr, mykje folk og rikeleg med snø. Alle rammene var perfekte, seier driftsleiar Runar Kleppe ved Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet.
Sist sesong gjekk skisenteret i Nordfjord ein halv million kroner i minus. Denne vinteren ser rekneskapstala mykje betre ut.
– Vi har jo hatt ein heil sesong allereie, med over 50 driftsdagar, som er meir enn det vi normalt har på ein sesong, seier Kleppe.
- Les også:
Gjekk 1,5 millionar kroner i pluss
Etter fleire snøfattige vintrar, har denne sesongen bydd på rikeleg med snø og stabile vêrforhold. Etter at snøen la seg tjukk allereie tidleg i november, kunne mange senter opne rekordtidleg.
- Les også:
Vekevis med stabile snøforhold har ført til gode besøkstal for skisentera, der vinterferien sist veke ikkje var noko unntak.
– Dette var tidenes vinterferieveke for oss. Heile vinteren har vore veldig bra, og slik det ser ut no har vi eit overskot på 1,5 millionar kroner i 2017. Det er eit heilt fantastisk resultat, seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes ved Sogndal skisenter på Hodlekve i Sogndalsdalen.
– Vi treng pengane for å byggje ut senteret vidare, seier Grevsnes.
- Les også:
Har ikkje hatt betre forhold på 20 år
På Langeland skisenter i Gaular har dei hatt kontinuerleg skiføre sidan 11. november. Slike forhold har ikkje styreleiar Kjetil Bjørset sett liknande til dei 20 åra han har vore involvert i drifta.
– Denne vinteren er heilt makelaus. Ikkje berre har vi hatt godt med snø, vi har hatt godt vêr. Vi har jamt over hatt stor trafikk av besøkande, seier han.
Etter to magre vintrar spår han rekordomsetnad i år, noko besøkande vil sjå att i stadig nye investeringar.
– Vi har planar om både skiskyttarstadion og nytt stadionhus. Alt av inntekter kjem brukarane til gode.
- Les også:
– Vêret har vore midt i blinken
– Vi hadde veldig bra besøk kvar einaste dag sist veke, der det toppa seg med over 450 stykk i trekket på laurdag, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard ved Hornindal skisenter.
Dei kan ikkje skilte med rekordbesøk i vinterferien, men seier sesongen sett under eitt har vore svært bra. Ved utgangen av 2017 stod skisenteret att med over ein million kroner i overskot, og med ei god påske i år trur Tomasgard på gode plusstal også i år.
– Dette gir oss moglegheit til å vidareutvikle oss og tilby endå betre tenester til dei som kjem hit.