Hopp til innhold

– Er det slik dei skal driva butikken?

Fleire passasjerar hos Widerøe har den siste tida opplevd å ikkje få plass på flyet dei har bestilt billett til. – Er det slik dei skal driva butikken? spør oppgitt passasjer.

Richard Kongsteien og eit Dash 8-fly frå Widerøe

OVERBOOKAR: Richard Kongsteien, kommunikasjonsdirektør i Widerøe, seier at det oftast er ein viss andel som ikkje møter opp til avgangane. Difor overbookar dei.

Foto: Montasje: Picasa 2.7/Widerøe

– Det går vanlegvis bra fordi det som regel er det passasjerar som ikkje dukkar opp, seier Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe.

– Systemet overbookar

Årsaken til overbookinga er eit billettsystem som tillet at det vert selt fleire billettar enn seter i flyet.

– Vanlegvis er det ein viss prosentandel som ikkje møter opp til flyging, seier Kongsteien.

Men den siste tida har det vore ekstra mange passajerar.

– Når alle møter opp, so blir det overbookingar, og det er ekstremt kjedeleg for dei som må stå att.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
– Heilt horribelt

Ein av dei som ergrar seg over overbookinga, er Sture Thorsgaard, som bur i Florø. No er han pensjonist, men i løpet at yrkeslivet sitt hadde han om lag 800 timar som flypassasjer.

– Flybransjen er dei einaste som driv på denne måten. Ein kjøper ein plass, og når ein møter opp so er det ikkje plass likevel. Det er heilt horribelt å driva slik, seier han.

Han reagerer på at Kongsteien seier at det er datasystemet som gjer slikt mogleg.

– Det er Widerøe sjølv som programmerer billettsystemet slik at det skal overbooke, meiner han.

Kompensasjon

– Det er generelt i heile bransjen, ikkje berre Widerøe. Men dei har færre seter på flya sine enn mange andre selskap, so då skjer det oftare enn på eit større fly, meiner Thorsgaard.

Den siste tida har det vore mange passasjerar som blir ståande att på bakken.

– Me må då sørga for å gi dei eit nytt alternativ og ein ordentleg kompensasjon, seier Kongsteien i Widerøe.