Hopp til innhold

10 passasjerar måtte stå att

10 flypassasjerar måtte stå igjen då ettermiddagsflyet frå Oslo til Førde tok av. Grunnen var at drivstofftanken måtte fyllast heilt opp.

Gardermoen

MÅTTE STÅ IGJEN: 10 av passasjerane fekk ikkje bli med flyet til Førde torsdag ettermiddag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Richard Kongsteien, Widerøe

SJELDAN DET SKJER: Richard Kongsteien seier han aldri har opplevd noko slikt før.

Foto: Widerøe

Informasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe seier årsaka er ein feil på ein målar på drivstoffsystemet.

– Vi hadde vi valet om å setje flyet på bakken eller fly med full tank. Vi valde det siste, seier han.

Får vektbegrensingar

Dermed fekk ikkje alle dei 39 passasjerar som frå Oslo til Førde, bli med. 10 personar måtte stå igjen.

For til vanleg blir ikkje tankane fylte heilt opp på turen til Førde. Kongsteien seier det er greitt å fly med defekt målar så lenge tankane blir fylte heilt opp. Då veit dei kor mykje drivstoff dei har.

– Målaren verkar ikkje og dermed valde vi å fylle tankane heilt. Når vi gjer det, får flyet vektbegrensingar i forhold til kortbanenettet. Difor kunne vi ikkje fly med fullt fly, seier han.

Blir fiksa i natt

Seks av passasjerane melde seg frivillig til å ta eit seinare fly til Bergen og overnatte der til i morgon tidleg. I tillegg fekk dei ein kompensasjon. Det var ikkje eit alternativ å vente til kveldsflyet til Førde, fordi det er fullt.

Dei fire andre passasjerane blei igjen i Oslo, mot sin vilje. Desse fekk same kompenasjon som dei som stod over frivillig.

Dette flyet hadde to turar igjen då feilen oppstod. Den blir utbetra i natt slik at drivstoffmålaren skal virke igjen i morgon.

– Skjer noko slikt som dette ofte?

– Nei, dette har eg aldri opplevd før, seier Kongsteien.