Sveinung Norendal driv nettstaden "Stjålne Antikviteter", som hjelper til med å oppklare slike tjuveri. Han seier folk i Sogn og Fjordane er naive med tanke på verdiane dei har liggande i hytter og sel.
Veit ikkje kor verdifullt det er
Det er spesielt snakk om skåp som gjerne har gått i arv i fleire generasjonar, og dei som eig dei veit kanskje ikkje kor verdifulle dei er, seier Norendal.
Tjuveri i Gaular
For vel ei veke sidan vart det stole antikvitetar frå Langestølen i Gaular. Enno er det ikkje heilt avklart kor mykje og kva som forsvann der.
Eldegard. MMS-foto: Kjell Arvid Stølen NRK
Bar kråskåp ned bratt sti
Og tjuvane er slett ikkje late. For i Årdal har dei gått opp til den fråflytta høgdegarden Eldegard, som ligg ein halvtimes gange frå riksveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Der braut dei opp låsane i husa og tok med seg eit 200 år gamalt kråskåp som dei har bore den bratte og kronglete stien nedatt til riksvegen. Eit anna skåp hadde dei bore ut av huset og sett på tunet, kanskje med tanke på at dei skulle tilbake for å hente det seinare.