Hopp til innhold

Bjørn (76) flaug 53 km med paraglider

Tenk deg å flyge paraglider i over to timar, der du dinglar mellom 700 og 1700 meter over havet. Slik fekk 76 år gamle Bjørn Høyvik oppfylt ein nesten 20 år gamal draum.

Bjørn Høyvik har i snart 20 år hatt ein draum om å flyge paraglider frå Hafstadfjellet i Førde til Stardalen i Jølster. Langt inne i Stardalen ligg staden der han vaks opp, Høyvik, og søndag fekk han endeleg oppfylt draumen.

FEKK OPPFYLT DRAUMEN: Bjørn Høyvik (76) fekk oppfylt draumen då han i går flaug 53 kilometer med paraglider. Turen gjekk frå Hafstadfjellet i Førde kommune til Stardalen i Jølster kommune. Høyvik filma heile turen med gopro-kamera, og her får du ein liten smakebit frå turen. FOTO: Bjørn Høyvik.

– Eg har prøvd fleire gonger før, men aldri nådd fram. Men i går, åh, det var så flott, seier jølstringen som dagen etter draumeturen blir rørt av å snakke om det.

Nekta setje seg på baken

Og det er kanskje ikkje så rart. For sidan midten på 1990-talet har ein spesiell draum teke stadig meir form i hovudet på den spreke pensjonisten.

Etter at han gav seg med sport som 55-åring var jølstringen Bjørn Høyvik slett ikkje klar for å sitje på baken. I staden fekk han dilla på ein høgtflygande hobby – paragliding.

– Eg måtte finne på eit kvart. Eg er litt sånn uroleg av meg, flirer han.

– Eg følte kroppen var i god form, og har alltid gått mykje i fjellet for å få energi og lade batteri. Difor ville eg prøve meg på paragliding, og det angrar eg meg ikkje på, fortel Høyvik.

Ein draum byrja ta form

Berre nokre år etter at han hadde byrja med paragliding byrja ein draum å ta form.

– Eg har alltid sagt at erfaring ikkje er noko ein har, men noko ein får. Og det fekk eg lære også med paraglidinga.

– Etter nokre år, når eg fekk tak på det, byrja eg tenkje på korleis det hadde vore å få flyge frå Hafstadfjellet og til heimstaden min, Stardalen, fortel Høyvik.

Hafstadfjellet over Førde er eit ynda utgangspunkt for paragliderar. Herfrå har Høyvik hoppa tallause gonger. Heimstaden hans, Stardalen ligg i Jølster kommune, over 50 kilometer i luftlinje unna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Høyvik har drive aktivt med paragliding i ei årrekkje

VEL HEIME: Her er Bjørn Høyvik vel framme på heimstaden ved Høyvik i Stardalen i Jølster.

Foto: Bjørn Høyvik

Har reist verda rundt

Men det har blitt med draumen, i mange år. Fleire gonger har Høyvik gjort forsøk, men vêret har aldri vore heilt på hans side.

I staden har han boltra seg på andre turar, og til saman har det no blitt over 1200 flygeturar med paraglider. Høyvik har teke turen til både Frankrike, Italia, Brasil og Mexico for å leve ut den luftige hobbyen.

– I Brasil og Mexico til dømes, er det mykje sikrare vêr enn i Norge. Då eg har vore der har eg fått flyge kvar dag, medan du her i Norge kan måtte vente i vekevis på det rette vêret, seier han.

– Livsglede og livskvalitet

Paraglidinga gir han mykje glede, og 76-åringen legg ikkje skjul på at han bruker mykje tid på hobbyen.

– Eg brukar mykje tid, det gjer eg. Det er iallfall ei heime som seier det, flirer han.

– Men dette handlar om livsglede og livskvalitet for meg. Eg har både barn og barnebarn i massevis, og av og til tenkjer eg at eg skulle brukt meir tid på barnebarna… Men eg trur dei har meg unnskyldt.

Med 76 år på baken veit Høyvik at han ikkje er ein ungdom lenger. Men å gje seg med paragliding med det første er ikkje noko alternativ. Og i det eventyrlege sommarvêret Vestlandet har hatt i det siste augna jølstringen håp om at den store draumen endeleg skulle bli oppfylt.

(Artikkelen held fram under)

Stardalen frå lufta, sett frå Bjørn Høyvik sin paraglider

STARDALEN: Slik ser Stardalen ut frå lufta ein eventyrleg fin vårdag.

Foto: Bjørn Høyvik

– Det var heilt spegelblankt

Allereie på laurdag ante han at vêrforholda låg til rette for den spesielle turen, frå Hafstadfjellet til Stardalen.

– Eg flaug frå Hafstadfjellet laurdag, og då sa visste eg at søndag kom til å bli ein god dag for flyging, fortel han.

Og søndag ettermiddag kasta han seg utfor fjellet i Førde. I strålande sol frå knallblå himmel gjekk han ut i like under 700 meters høgde, før han skrudde seg opp i over 1100 meters høgde.

Frå Hafstadfjellet gjekk turen vidare til Viefjellet, og deretter vidare nordaust til fjella opp langs nordsida av Jølstravatnet.

– Slik Jølstravatnet låg i går, åh, det var heilt spegelblankt, fortel Høyvik med stjerner i auga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik har ikkje Bjørn Høyvik sett heimstaden før, utsikt frå paraglider over Høyvik i Stardalen

DRAUM: Høyvik har i snart 20 år hatt ein draum om å flyge frå Hafstadfjellet og inn til Stardalen i Jølster. Frå lufta fekk han sjå heimstaden på ein spesiell måte.

Foto: Bjørn Høyvik

– Du sit der fri som fuglen

Noko godt svar på kva tankar ein gjer seg når ein heng høgt, høgt der oppe er det vanskeleg for han å svare på. Men at han i går var i himmelen, er det ingen tvil om.

– Du sit der fri som fuglen, og har berre deg sjølv å prate med. Og eg trur eg prata litt med meg sjølv undervegs, flirer han.

– Men eg kan ikkje snakke for mykje heller, sidan eg tok opp film av heile turen, legg han til.

(Artikkelen held fram under)

Bjørn Høyvik fekk endeleg oppfylt draumen - her ser han barndomsheimen i Stardalen i Jølster

BARNDOMSHEIMEN: Bjørn Høyvik fekk endeleg oppfylt draumen om å flyge paraglider frå Hafstadfjellet til Stardalen.

Foto: Bjørn Høyvik

Frykta det ikkje skulle gå likevel

Frå Skei gjekk turen vidare langs fjella og E39 til Klakegg, før han svinga inn i dalen der han vaks opp, Stardalen.

På eit tidspunkt frykta han at han ikkje skulle greie fullføre turen.

– Eg fekk ei litt dårleg kjensle då eg kom til Klakegg. Då hadde eg mista ein del høgde, men eg greidde skru meg opp att, så då kom eg meg vidare, seier han.

– Var nesten på gråten

Innover Stardalen gjekk turen heilt til endes, før han snudde tilbake mot Høyvik. Plassen der han vaks opp. Då hadde han lagt bak seg over fem mil i luftlinje.

– Eg hadde ikkje motvind i heile teke, og turen gjekk i 40 km/t og meir enn det. Heile turen på 53,7 kilometer var gjort på litt over to timar, fortel Høyvik.

– Kva tenkte du då du gjekk inn for landing på heimstaden?

– Det var nesten så eg var på gråten, vedgår 76-åringen om den svært så minnerike turen.

Let seg ikkje stogge av alderen

Sjølv om den store draumen no er oppfylt, legg han ikkje paraglidingsekken på hylla.

– Kor lenge trur du at du kan halde på med denne hobbyen?

– Eg er klar over at eg byrjar dra på åra, så eg skal ta eit år i slengen. Men så lenge det ikkje skjer noko spesielt, om kne og hofter held…

– Eg skal ikkje ta for mykje i, men eg kvir meg ikkje til å flyge til eg blir langt over 80 år, om helsa held, gliser han.

Bjørn Høyvik sikra seg ganske spesielle bilete av heimstaden på Høyvik i Stardalen, frå paraglider

HEIMSTADEN: Like bak treklynga oppe til høgre ligg garden der Bjørn Høyvik vaks opp. Frå lufta sikra han seg eit ganske spesielt bilete.

Foto: Bjørn Høyvik