Hopp til innhold

Paraglidertur til 11-årsdagen

Hanna Høidal frå Florø fekk ei bursdagsgåve som ikkje er av det vanlege slaget for 11-åringar. Presangen var at ho fekk sveve ut frå Hafstadfjellet i Førde i paraglider.

11 år gamle Hanna Høidal fekk ei heilt spesiell bursdagsgåve. Foto: Arne Kleiven, Fjordane Luftsportklubb og Merete Husmo Høidal. Musikk: Philter med «Flutterby» og «Tokyo at night» (Henta frå NRK Urørt).

Hanna fekk paragliderhopp i bursdagsgåve. Foto: Arne Kleiven, Fjordane Luftsportklubb og Merete Husmo Høidal. Musikk: Philter med 'Flutterby' og 'Tokyo at night' (henta frå NRK Urørt).

Dei fleste på hennar alder ynskjer seg smarttelefonar, smykke eller kle. Men Hanne har lenge hatt eit heilt anna ynskje. Og difor var det slett ikkje tilfeldig at Hanna fekk denne luftige gåva.


– Eg har ynskt meg å flyge med paraglider sidan eg var veldig lita.

– Men du gjorde det vel ikkje heilt åleine?

– Nei, eg flaug som tamdemparaglider saman med ein som heiter Arne Kleiven.

– Fekk heilt pipete stemme

Då ho vakna på bursdagen sin fekk ho eit kort, der det stod: Tandem paragliding.

– Då vart eg så glad at eg fekk heilt pipete stemme.

No måtte Hanna vente ei stund før ho fekk svevet sitt, for vêr og vind må klaffe når ein skal ut og flyge. Men då det skjedde var det stort.

– Det var kjempegøy! Vi sprang mot ein kant, og etter kvart letta den av seg sjølv. Eg likte å fly, det er flott utsikt, det gynga litt, og det kitla i magen.


Fallskjermhopp til 12-årsdagen?

– Kva trur du at du får til 12-årsdagen? Strikkhopp?

– Nei, då vil eg heller ha fallskjermhopp.

Dermed skulle tipset om 12-årspresang vere framført klart og tydeleg.