Hopp til innhold

Fjord1 vil kjøpe Widerøe

Fjord1, der fylkeskommunen er hovudeigar, sit i ei gruppering som ønskjer å kjøpe flyselskapet Widerøe.

Fjord1 og Widerøe

SAME EIGAR?: Fjord1 ønskjer saman med fleire andre, å kjøpe flyselskapet Widerøe.

Foto: Fotomontasje

Etter det NRK kjenner til, har Fjord1 jobba med planane i lengre tid. Bakgrunnen for planane er at Fjord1 ønskjer fleire bein å stå på etter at selskapet selde seg ut av bussbransjen. Flyanalytikar Ivar Gjul i Fondsfinans seier dette er svært interessant.

– Det er eit offensivt trekk frå Fjord1. Dei er ein regional aktør i trafikk- og transportmarknaden, seier Gjul.

Fleire som er interesserte

SAS skal selje Widerøe som ein del av ein redningsplan, og Fjord1 er etter det NRK kjenner til no ein av aktørane ei i gruppering som er med i kampen om å få kjøpe flyselskapet.

Tidlegare er det kjend at Widerøe-tilsette skal vere interesserte i selskapet. Det same skal transportselskapet Torghatten ASA og investor Per G. Braathen vere. Fjord1 har ingen erfaring frå flybransjen, men sit på anna viktig kunnskap, seier Gjul.

– Den viktigaste kompetansen Fjord1 sit med og som vil vere konkurransefortrinn, er kompetanse om dei regionale marknadene spesielt i sin del av landet, seier han.

Treng fleire bein å stå på

Bakgrunnen for Fjord1 vil inn på eigarsida i flyselskapet, er at ferjeselskapet ønskjer fleire bein å stå på etter at dei nyleg selde seg ut av bussverksemda. Widerøe har gått med store overskot dei siste åra og er Nordens største regionale flyselskap, med 1400 tilsette og ei årleg omsetning på 3,2 milliardar kroner.

– Widerøe er eit lønsamt selskap og dei er på mange måtar skjerma i sine nisjar gjennom statleg samarbeid og subsidiering av enkeltruter.

Fjord1 er eit selskap med 1100 tilsette og tre milliardar i omsetning, der Sogn og Fjordane Fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane. Eit oppkjøp av Widerøe krev difor politisk godkjenning frå fylkeskommunen.

Selskapet Havilafjord frå Sunnmøre eig resten av Fjord1. Verken fylkesordføraren i Sogn og Fjordane eller nokon frå toppleiinga i Fjord 1 ønskjer å kommentere saka.