Hopp til innhold

Vil flyge nordover frå Florø

Får Widerøe som dei vil kan folk i framtida også fly til og frå Kristiansund frå Florø.

Richard Kongsteien og eit Dash 8-fly frå Widerøe

NY RUTE: Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien legg ikkje skjul på at han er spent på svaret om Widerøe får flyge mellom Kristiansund og Florø.

Foto: Montasje: Picasa 2.7/Widerøe

Flyselskapet har nemleg fått sterke signal på at ei slik rute er ønskjeleg, det fortel kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe til avisa Tidens Krav.

– Vi har både ønskje og planar klare for ei dagleg rute. Bedrifter i oljebransjen er klar på at det er noko dei ønskjer sterkt, seier kommunikasjonsdirektøren til avisa.

I dag flyg Widerøe mellom kystbyen og Oslo, Bergen, Førde og Ørsta/Volda, men i framtida kan rutetilbodet bli utvida med ein destinasjon også endå lenger nord.

Widerøe har allereie lagt inn testavgangar i bookingsystemet sitt, slik at dei kan planlegge eventuelle rutetider. Men dette er altså berre ein test, og sjølv om dei viser i oversiktene hos Avinor går det ikkje an å bestille flytur.

– For å gjennomføre denne ruta må vi ha løyve til å fly dei aktuelle flya til og frå Florø. Vi har søkt Luftfartstilsynet, men ventar framleis på svar, seier Kongsteien til avisa.

Han seier Widerøe vil starte opp med det same dei får løyve til å opprette ei slik rute.