Vegdirektoratet meiner at Fjord1 på fleire område har ei betre løysing på ferjene. Mellom anna med omsyn til drifstryggleik, lasting og lossing. Vegdirektør Olav Søfteland seier at det først og fremst var prisen som gjorde at Fjord1 vann.
Adm. dir. Stig Kristoffersen feira storkontrakten i Florø i dag. MMS-foto Svein Ove Hansli NRK.
Stor skilnad i pris
Fjord1 skal ha vel 15 millionar kroner i året i tilskot. Konkurrenten Stavangerske/HSD skulle ha 58 millionar kroner meir. Med andre ord 580 millionar kroner i skilnad i kontraktsperioden frå 2007 til 2016. Den store skilnaden skuldast ikkje feil i reknestykket. Konserndirektør i Fjord1, Olav Smørdal, seier dei leverte tilbodet frå seg i visse om at det var rom for forteneste.
Mest trafikkerte
Strekningane mellom Halhjem og Sandvikvåg i Hordaland og Mortavika og Arsvågen i Rogaland - begge på E39 - er to av dei mest trafikkerte sambanda i landet. For ferjeselskapa er dette eit prestisjeprosjekt. Både på grunn av storleiken, og fordi det skal byggjast fem gassdrivne ferjer som skal brukast der.
Det er ikkje klart kven som får oppdraget med å byggje gassferjene.