I går gjekk eigarane av selskapa inn for ei samanslåing - sjå: Fleirtal for FSF-fusjon.
Om Skartun vil halde fram som styreleiar, kjem an på avgjerda til generalforsamlinga.
Stemte i mot
Jarle Skartun vil kanskje vurdere vervet sitt. (Foto: NRK)
Jarle Skartun har stemt imot ei samanslåing både som styreleiar i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og som styreleiar i Fjord 1. I Fylkesbaatane gjekk fleirtalet inn for ein fusjon, men i Fjord 1 blei det eit nei, avgjort av Skartun si dobbeltstemme. I går kom det eit ja til, denne gongen frå eigarane sine representantar, bedriftsforsamlinga. Men det er dei to fylkesordførarane, eller generalforsamlinga, som skal avgjere saka seinare i vår.
Ventar med endeleg avgjerd
Med andre ord; Skartun vil fyrst vurdere akkurat kva styret i Fylkesbaatane skal gjere, og finne ut om eigarane har tillit til han, før han avgjer om han held fram som styreleiar. For Skartun har fått ein del kritikk frå eigarsida i Sogn og Fjordane for standpunktet sitt.