Hopp til innhold

Fjernar tryggingstiltak ved Nigardsbreen

Dei ekstra tryggingstiltaka ved Nigardsbreen er no oppheva, opplyser lensmannen i Luster.

Politi ved Briksdalsbreen

SIKRA: Politiband var berre eit av ei rekkje sikringstiltak politiet, Luster kommune og Statens naturoppsyn vart samde om på hastemøtet onsdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lensmann Asle Karoliussen seier at i løpet av helga har den store isblokka som gjorde det ekstra farleg å ferdast nær breen, falle ned. Dermed har situasjonen normalisert seg.

– Søndag fekk vi melding om at mesteparten av det usikre partiet hadde kollapsa eller ramla ned. Dermed er ikkje fare for oppdemming i elva lenger til stades, seier han.

Førre søndag omkom to tyske turistar etter å ha blitt trefte av ei stor isblokk frå Nigardsbreen. To born på åtte og ti år mista foreldra. Etter at sikringane først vart vurderte som gode nok, innførte politiet onsdag likevel ekstra tryggingstiltak, etter at NVE i ein rapport konkluderte med at det er stor fare for at ei blokk på vel 100 m³ kunne rase ut frå breen.

Det blei sett igang vakthald, familieruta blei flytta og brevegen stengd til visse tidspunkt.

– I dag blir vakthaldet på området avslutta og sperringane som har regulert ferdselen på venstre sida av elva er tekne ned. Men vi let politibanda stå oppe. Dette for å forsterke tryggleikssona framfor breen, seier lensmannen.

Etter sesongen blir det ei vurdering av tryggleikstiltaka ved Nigarsbreen.