Hopp til innhold

Fjellet er opent etter å ha vore stengt i fem dagar

Vikafjellet er ope etter fem dagar stenging på grunn av snøskred. Dei fem dagane utgjer 120 av i alt rundt 1750 timar fjellovergangen har vore stengd i vinter.

Vikafjellet

MYKJE SNØ: Slik ser det ut på Vikafjellet i dag.

Foto: Statens vegvesen

– Vi ville vente på litt etter at det store skredet kom. Det kom på ein finvêrsdag som følgje av solpåverknad. Slike skred er veldig vanskelege å tolke, og ikkje minst er det vanskeleg å føresjå kor tid dei kjem, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen Per Ove Fossheim.

Geolog var i dag på Vikafjellet i Kvassdalen. Vêret er litt kjøligare no noko som er positivt i forhold til skredfaren, og det vart konkludert med at det kunne opnast i dag.

Mykje stengd i vinter

Første kolonne gjekk frå Vik-sida klokka 14. Fjellet har vore stengt sidan 8. april då det gjekk eit 100 meter breitt ras mellom Holesvingane og Myrkdalen på riksveg 13.

  • Sjå bilete frå raset nedst i saka

Og det er ikkje berre desse fem dagane fjellet det ikkje har vore ferdsel på fjellet. Til no har Vikafjellet vore stengt i 1750 timar i vinter.

Fossheim påpeikar at det er mykje snø i høgfjellet, der det meste kom i januar.

– Det skal jo ned ein gong, og det som vert utfordringa for oss no framover er å vurdere når det er sikkert å halde fjellet ope, seier Fossheim.

Vanskelege vurderingar

Fossheim seier det fort kan bli fleire stengingar. Både uvêr og finvêr kan skape trøbbel.

– Eit så stort skred har vi vel ikkje hatt her før. Sjølv om det er fint vêr er det ikkje sikkert det er fint å ferdast over fjellet når vi har så mykje snø, forklarar Fossheim.

Det har vore to uhell på fjellovergangen der brøytemannskap kom tett på ras.

– Det er ikkje enkle vurderingar å gjere. Geologane er dei vi må støtte oss på når det er så spesielle forhold som det er no. Sjølv for dei er det ikkje enkelt å vere 100 prosent sikre.

Difor vert det no gjort vurderingar dag for dag. Fossheim seier både geologane og brøytemannskap brukar mykje tid.