- Ein dag fekk vi beskjed om å ikkje gå ut i friminutta fordi lærarane var redde for at takstein skulle dette ned, seier ein av elevane av skulen.
Taket på gamlebygget på Davik skule har vore sikra med fiskenot sidan uveret førre veke. Nota dekkar halve taket og held taksteinane på plass. Men det er ikkje berre dårlege tak som lagar problem i Davik. Skulen har lenge vore i dårleg stand med vindauge som ikkje kan opnast, murpuss som fell av, altfor små lærarrom og dusjar som sprutar i alle retningar. Politikarane har i mange år lova å ordne opp, men no er ungdommane leie av å vente.
Støtte frå rektor
Marius Strømmen framfor Davik skule. Foto: Heidi Fagna, NRK
Marius Strømmen er sentralstyremedlem for Senterungdommen og tidlegare elev ved skulen. Alt i 2000 var han ute i media og kravde nye toalett og dusjar på skulen. Lite har skjedd på seks år, og no er Strømmen utålmodig. Han får støtte frå rektor ved Davik skule, Bjørg Lombestein Lofnes. Ho forstår elevane godt.
- Etter at saka var oppe i media for fem år sidan, har det vore synfaring på synfaring, men ingenting har skjedd, seier ho.
12,1 millionar kroner
Men no går skulen lysare tider i møte. Ordførar Kåre Olav Svarstad lovar at skulen skal få ei totalrenovering. Ein ny gymsal skal på plass, og garderobebygget skal renoverast. Ventilasjonsanlegget skal utbetrast, og alle vindauga på vestveggen skal skiftast ut. Det er sett av 12,1 millionar kroner til oppussinga.