Hopp til innhold

Fiskarane skuldar direktoratet for ran

– Dette er eit ran av fiskarane, og det er sørgeleg at det er Fiskeridirektoratet som skal stå for det. Det seier ein frustrert leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden.

Jarl Magne Silden

OPPRØRT: Leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag er svært forarga over forslaget frå Fiskeridirektoratet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bakgrunnen for tordentalen er direktoratet sitt forslag om å endre den såkalla omrekningsfaktoren for torsk på vinteren.

Difor vil dei ha ei endring

Alle kvotar på fisk blir gitt i rund vekt, altså det fisken veg når den er heil. Men mange fiskefartøy leverer fisken sløgd med hovud eller sløgd med hovudet kappa av.

For å finne ut kva den innleverte fisken veg heil, blir det brukt ein omrekningsfaktor.

For sløgd torsk med hovudet kappa av har faktoren sidan 1992 vore 1,5, medan Fiskeridirektoratet no vil auke faktoren til 1,68. Dette skal gjelde for perioden 15. januar til 15. april.

Seniorrådgjevar i Geir Blom i Fiskeridirektoratet har vist til målingar gjort både i vinter og tidlegare, som viser at dagens omrekningsfaktor har vore for låg. Dette har ført til at det dei tre siste åra har blitt teke opp i snitt 20.000 tonn meir fisk enn det har vore kvotar for, skriv Fiskeribladet Fiskaren.

– Heilt urimeleg

I Sogn og Fjordane fiskarlag blir forslaget om å endre omrekningsfaktoren møtt med hovudristing og forarging.

– Forslaget er heilt uakseptabelt. Det vi snakkar om her er at fisken har meir mat i magen om vinteren. I sesongen går han då og beitar på sild og lodde, og det er heilt urimeleg at ein difor skal forandre omrekningsfaktoren, seier fylkesleiar Jarl Magne Silden.

Han meiner det på ingen måte er snakk om at det blir levert inn meir i netto fiskevekt om vinteren, men at fiskarane no vil bli straffa for at fisken har meir i magen.

Silden torer nesten ikkje å byrje rekne på kor store summar dette vil bety i tap for fiskarane, men understrekar at det er snakk om mykje.

– Om dette går gjennom vil 100 kilo innlevert fisk bli avrekna på kvoten som 168 kilo, medan det rette burde vere 150, som i dag. Dermed forsvinn 18 kilo per 100 kilo innlevert fisk. Det utgjer utruleg mykje pengar for kystfiskarane, seier han.

Ønskjer eit meir korrekt uttak

Kommunikasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet viser til at saka er send ut på høyring, og at dei ikkje ønskjer å kommentere forslaget ytterlegare.

– Det vi er opptekne av er at ressursuttaket skal vere rett, og våre målingar viser at høgare faktor om vinteren vil gje eit meir korrekt uttak enn gjeldande faktor, seier Lekve til NRK.

I Sogn og Fjordane er eit samla styre i fiskarlaget klinkande klare i sin motstand.

– Vi må be direktoratet stikke fingeren i jorda og tenke litt fornuftig. Dette er ikkje fornuftig i det heile, det er tullete, rasar Jarl Magne Silden.