Redningsselskapet vil flytte den tunge redningsskøyta "RS Platou" til Kristiansund. Det skriv Fjordenes Tidende idag. I staden vil Redningsselskapet setje inn ei rask skøyte i Måløy. Fiskebåtskippar Stig Oldeide meiner dette vil vere ein fare for kystfolket.
- Treng ein båt som sitt i havet
- Eg tykkjer dette er heilt hol i hovudet, seier Oldeide. - Dersom det er ein båt som havarerer borte ved Shetland og skal fraktast opp att til Noreg, har vi bruk for ein båt som sitt i havet, ikkje ein som ligg og skvettar på overflata, meiner fiskebåtskipparen.
Farleg
Men redningsselskapet meiner dei treng ei lett skøyte i Måløy, som kan gå raskt mellom stasjonane i Måløy og Florø. Og dette nører oppunder eit gammalt krav om havgåande redningsskøyte i Måløy. Stig Oldeide meiner at det vil vere farleg å flytte "R/S Platou".
- Det vil ikkje berre gå ut over tryggleiken til fiskarane, men òg tryggleiken til befolkninga på kysten, fryktar Oldeide.