Hopp til innhold

Fire veker for minibank-ran

Tre rumenarar som skal ha stått bak det mislukka forsøket på å bryte seg inn i ein minibank i Stryn natt til torsdag, er i Fjordane tingrett varetektsfengsla for fire veker. To av mennene har tilstått, og det finst overvakingsbilete av dei i aksjon. Minibanken vart øydelagt i forsøket.