Hopp til innhold

Prøvde å bryte seg inn i minibank

Fire menn vart arresterte i dag tidleg i Lom i Oppland etter eit mislukka forsøk på å bryte seg inn i minibanken til Sparebanken Vest i Stryn.

Minibank i Stryn

MISLUKKA: Gjerningsmennene greidde ikkje i å få ut pengar frå minibanken i Stryn.

Foto: Roger Vik

SISTE KLOKKA 1645: Tre av dei fire menna er frakta til Førde og blir framstilte for varetektsfengsling ved Fjordane tingrett fredag. Den fjerde mannen er sjekka ut av saka. Han var på feil stad til feil tid, blir det sagt frå politiet. Han vart frakta tilbake til Lom, der han først vart arrestert. Dei arresterte er frå Litauen og Romania, og blir sikta for forsøk på grovt tjuveri.

Det var litt før klokka tre politiet fikk melding om innbrotsforsøket. Halvannan time seinare vart fire personar i to bilar stansa av politifolk frå Innlandet politidistrikt på riksveg 15 i Lom sentrum.

Dei fire, som er av utanlandsk opphav, hadde ikkje fått med seg pengar frå innbrotsforsøket.

Den yngste av dei pågripne er i 20-åra, den eldste i 40-åra.

Frakta tilbake til Stryn

– Ved hjelp av publikum fekk vi tips om aktuelle bilar, og politiet kunne dermed arrestere desse fire gjerningsmennene i to bilar i Lom, seier operasjonsleiar Marianne Føleide i Vest politidistrikt.

– Er dette folk de kjenner til frå tidlegare?

– Det vil eg ikkje kommentere.

Dei fire som vart arresterte blir no frakta tilbake til Stryn, der dei skal avhøyrast.

Såg på overvakingsbileta

Lars Ove Breivik

– SJELDAN: Det er ikkje ofte folk prøver å rane minibankar, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest.

Foto: Sparebanken Vest

Informasjonssjef Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest fortel at alarmen gjekk litt før klokka tre.

– Vaktselskapet varsla då politiet, som igjen varsla våre folk. Politiet kom raskt til staden, og saman med våre tilsette gjekk dei gjennom overvakingsbileta.

Om gjerningsmennene ikkje fekk med seg pengar, greidde dei iallfall å øydelegge minibanken, seier Breivik.

– Så minibanken vil ikkje fungere før vi får ordna han om ein dag eller to. Det ser ut til at dei har prøvd å bore seg inn for å få ut heile minibanken, men det har dei mislukkast med. Slik det er no er det berre hærverk.

– Kor ofte skjer det at folk prøver å rane minibankar?

– Det skjer relativt sjeldan, og det blir sjeldnare og sjeldnare. Det er meir vanleg med hærverk mot minibankane.

Breivik veit ikkje kor mykje pengar det var i minibanken i Stryn.