Hopp til innhold

Fire tenåringar til sjukehus etter front mot front – mistanke om promille

Fire tenåringar vart sendt til sjukehus etter ein front mot front kollisjon ved Kandal i Gloppen, natt til laurdag.

Front mot front

Ulukka vart meldt til politiet like over klokka to i natt og det var totalt fire ungdommar i bilane. Fire vart tatt med i ambulanse til sjukehuset i Førde og føraren av den eine bilen vart fråteken førarkortet.

Søndag morgon opplyser Helse Førde at den eine personen er innlagt ved Førde sentralsjukehus med alvorlege skadar.

Årsaka er mistanke om promille.

– Det er tatt blodprøve av føraren og det vart gjort undersøkinga på åstaden. Bilane skal ikkje ha hatt stor hastigheit då ulukka skjedde, seier Espen Gulliksen, operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Utover det hadde politiet ei roleg natt og det einaste andre dei melde om var ein bil som hamna utfor vegen i Angedalen ved Førde. Her vart ingen skadd og bileigar vil hente bilen i løpet av dagen.