Hopp til innhold

Rykte ut etter melding om båt som hadde kantra

Det blei slått full alarm etter at ein båt med fire personar kantra i Refvikvatnet i Vågsøy. Det heile viste seg å vere dykkarar på jakt etter skjel.

Refvikvatnet

Politiet melder på Twitter at det er kontroll på alle personane og at ingen blei skadde i hendinga.

– Folk såg ein båt som hadde kantra og personar i vatnet, så dei trudde dette var ei ulukke. Det viste seg at det var dykkarar som hadde snudd båten for å få le, seier vaktleiar Terje Birkelund ved Alarmsentralen i Florø.

Første melding gjekk ut på at ein båt hadde kantra i Refvikvatnet i bygda Refvik i Vågsøy, og at fleire personar var ute i vatnet.