NRK Meny
Normal

Etterlyser fire menn frå Litauen etter tjuveriraid

Politiet har etterlyst fire namngjevne menn frå Litauen i jakta etter dei som stod bak tjuveriraidet i Førde sist veke.

skjermdump tjuvar

BLEI ETTERLYST: Alt tidleg forrige veke blei det lagt ut bilete av bilar som ein trur tilhøyrer tjuvane.

Foto: Vidar Gudvangen / Skjermdump

Verktøy og utstyr for over 100.000 kroner blei stole frå ein byggjeplass på Vie i Førde, og fleire storbil-dekk blei stole frå verksemda Førde Vulk.

– Dei fire mennene er etterlyst også i andre politidistrikt og hos tollvesenet, seier straffesaksansvarleg ved Førde lensmannskontor, Knut Harald Hansen, til NRK.

Politiet etterlyser også tre varebilar knytt til dei grove tjuveria. Den eine bilen har dei skiltnummeret på.

– Bilane har litauiske registreringsnummer, opplyser politiet.

Politiet ber folk som har sett noko om å ta kontakt med 02800.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser