Hopp til innhold

Ber folk vere merksame på utanlandske varebilar

Politiet ber folk vere merksame på utanlandske varebilar etter innbrota og tjuveria i Førde dei siste dagane.

skjermdump tjuvar

FACEBOOK-ÅTVARING: På ei gruppe på Facebook, blei det før helga lagt ut ei åtvaring mot det som kan vere varebilar brukt av tjuvane.

Foto: Facebook / Skjermdump

Innbrot på byggeplassar og tjuveri av mellom anna dekk, er det politiet har å jobbe med etter at det som truleg er omreisande vinningskriminelle nok ein gong har vore på ferde.

– Vi har ingen konkrete mistenkte eigentleg, men vi har jo spor å gå etter i form av dette videoopptaket på dekkforretninga, seier Knut Harald Hansen ved Førde lensmannskontor.

Politiet veit at det er snakk om fleire grupperingar av utanlandske bilar og personar, og politiet mistenkjer at dei samarbeider.

– Det er veldig god grunn til å mistenke at det er ein samanheng mellom innbrota på byggeplassane og dekktjuveria i Førde. Ikkje minst med tanke på måten tjuveria er gjennomført på og kva som er teke, seier Hansen.

Han ber folk vere merksame på varebilar med utanlandske registreringsnummer, og kontakte politiet på 02800 om dei ser noko mistenkeleg.