- Vi er bekymra, fordi vi på denne tida skulle fått mykje fisk. Båtane har leita i dei områda vi tradisjonelt har fiska, men finn berre småfisk, seier han.
Havforskarane tek sjølvkritikk
Myklebust tok i går kontakt med både havforskinga og direktoratet om saka og møtte noko av same bekymringa der. - Dei tek dette til etterretning. Havforskinga hadde vore på tokt i januar og registrert det same, seier fiskarlagsleiaren. Men i følgje Myklebust tok havforskarane også noko sjølvkritikk. Dei innsåg at dei i 2003 hadde overvurdert bestanden.
Nordsjøen har endra seg
Nils Myklebust
Myklebust vil vite meir før han feller dødsdom over seien, men Nordsjøen har endra seg over lang tid. - Vi må heilt tilbake til midten av 80-talet sidan vi fekk fisk i området Vikingbanken - Frigg. Etter det har fisken trekt nordover. Noko kan sjølvsagt skuldast temperaturendringar, men vi er bekymra for oljeindustrien med seismikkskyting og det dei slepp ut frå plattformene. Vi har ingen svar og er nervøse, seier han.