Hopp til innhold

Fimreite isolert på grunn av ras

Eit jordras stengjer vegen mellom Valeberg og Fimreite i Sogndal. Det betyr at kring 45 innbyggjarar i grenda ikkje har vegsamband med omverda på veslejulaftan.

Fimreite

Raset har gått ved Tallberget på fylkesveg 214. Raset er ikkje så stort, men vegvesenet seier at det framleis er rasfare i området.

– Det har kome ned både jord, stein og tre, og det renn framleis i rasløpet. Difor er det ikkje trygt å sende inn ryddemannskap før det har stoppa og vi veit at det er trygt, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.

Ordnar seg båtskyss

Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal seier kommunen har oppretta kontaktpunkt på Fimreite som kan hjelpe til om det oppstår behov for ekstraordinære tiltak. Han fortel at folk på Fimreite er godt båtvane, og dei no hjelper seg sjølve med båtskyss over fjorden.

Slik det ser ut no, vil ikkje vegen til Fimreite verte opna igjen før i morgon.

– Køyr forsiktig

Elles er framleis fleire vegar i fylket stengde på grunn av ras, rasfare eller flaum. Den mest trafikkerte av dei er riksveg 15 over Strynefjellet som er stengd inntil vidare på grunn av rasfare.

Nedberge Hille seier at alle entreprenørane er ute på vegane no, og oppmodinga derifrå er tydeleg.

– Det er mykje overflatevatn på vegane på grunn av store nedbørsmengder, så det er viktig å ta det med ro og køyre forsiktig.