Hopp til innhold

Her mistar sjåføren kontrollen og endar i grøfta medan kamera går

 

Egil Laugen skulle berre heim til Jølster då han brått vart vitne til at ein bil i stor fart suste ut av vegen og hamna i grøfta på E39. Alt vart festa til filmkameraet han alltid har hengjande framme i frontruta.

– Eg rakk i grunn ikkje å tenkje noko som helst. Eg var på veg heim til Jølster med born i bilen. Vi hadde lege bak ein ambulanse frå Førde. Brått kjem ein bil imot, mistar veggrepet og sklir sidelengs, sneiar nesten ambulansen og susar i grøfta, fortel Laugen.

Ambulansen sler raskt på blålyset og ryggar tilbake til ulykkesbilen som då er i grøfta på sida av bilen til Laugen.

Bilen vart totalvrak

Sjølv var Laugen, som er yrkessjåfør, ute av bilen for å sjå til personane i ulykkesbilen straks.

– Det gjekk på rein refleks. Eg var borte til dei i bilen før ambulansefolka nådde ut. Men til alt hell gjekk det bra med alle dei fem ungdommane i bilen, sjølv om dei nok fekk seg ein trøkk i hendinga, seier Laugen.

Han legg til at bilen, ein Volvo, var totalvrak etter ulykka.

– Bilen trefte ei sluse eller noko i vegkanten, og vart heilt øydelagt så vidt eg kunne sjå, seir Laugen.

Politiet stadfestar at det skjedde ei utforkøyring ved Langhogane i Jølster, men dei rykte ikkje ut til denne.

– Så vidt vi har fått beskjed om, skal det ikkje vere snakk om personskade, stadfestar operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Køyrer alltid med kamera på

At Egil Laugen skulle få ulykka på film, er ikkje tilfeldig. Laugen køyrer nemleg alltid med kamera som går. Klok av skade.

– Eg hadde ein episode der eg passerte ein buss. Han la seg ut idet eg var på sida. Bussjåføren hevda hardt og bestemt at han hadde blinka, sjølv om eg meinte han ikkje hadde gjort det. Etter det investerte eg i kamera, og eg har ikkje angra ein dag, seier Laugen.

Men det er første gong han har filma ei ulykke idet ho har skjedd.

– Eg har hatt mange episodar der eg har komme rett etter at ulykka har skjedd, men aldri som dette, seier Laugen, som i løpet av året køyrer 50.000-60.000 kilometer i heile landet.

Kameraet han nyttar er på storleik med ein sigarettpakke og er festa til ryggespeigelen.

– Det er flyttbart og får straum via sigarett-tennaren, så eg har det alltid med meg og festar det i den bilen eg til ei kvar tid køyrer, seier Laugen.