NRK Meny
Normal

Festivalen der du treng gummibåt

Høyrt om festivalen der du ligg i ein gummibåt i fleire timar? Under Stryn Gummibåtfestival vinn du om du har den kulaste gummibåten, og konkurransen er knallhard.

Gå til forsiden

Stryn Gummibåtfestival

stryn

Stryn Gummibåtfestival

13 bilder

    – Det er heilt topp. Vi flyt ned elva og kosar oss, seier Kristian Romsøe.

    Tahiti Floaty Island var berre ein av gummibåtane under årets Stryn Gummibåtfestival. Med tropisk tema måtte antrekket stå i stil. Raude hawaiiskjortar, stråhatt og gylne solbriller var påkledninga.

    – Det er litt tilfeldig. Eg fann noko som ikkje såg bra ut, så då var det gjort, fortel Romsøe.

    På føremiddagen hoppa nær 100 deltakarar i gummibåtane og la til frå land. På ei eksotisk øy midt i Stryneelva var det sydentendensar med grilling og musikk, før gummibåtane sigla vidare på elva. Korleis deltakarane skal komme seg tilbake til land, er ikkje så viktig for dei.

    – Det har som regel ordna seg. Vi hamnar på land før eller seinare, gliser Romsøe.

    – Alt handlar om å ha den kulaste gummibåten

    Stryn Gummibåtfestival oppstod som ein idé mellom fire kompisar. For åttande året på rad arrangerer dei ein gummibåtfestival.

    – Vi ville ha det kjekt på ein litt annleis måte. Vi set oss i gummibåtane og siglar roleg ned Stryneelva, seier Emil Solheim.

    Tahiti

    TAHTI FLOATY ISLAND: Litt av gjengen på Tahiti Floaty Island.

    Foto: Åsta Urdal / NRK

    Alle med konkurranseinstinkt må kanskje roe ned nettopp det instinktet. Her er det ikkje første gummibåt til mål som gjeld.

    – Alt handlar om å ha den kulaste gummibåten og det beste temaet. Det blir sjølvsagt premiert, fortel Solheim.

    Kreativiteten blir betre år for år.

    – Konkurransen blir nok hard i år òg. Det er imponerande kva folk legg i festivalen.

    Redningsvest og gummibåt

    Det var Rune Rudberg med ut mot havet som strøymde ut av høgtalarane under festivalen, til trass for at det heile går for seg på Stryneelva. I år har Stryn Gummibåtfestival innført nye reglar i samråd med politiet.

    – Vi ville ha større tryggleik. Tidlegare har vi nok sett gjennom fingrane når det gjeld å nyte alkohol på elva, noko det ikkje blir lov til i år. I år er redningsvest påbode, elles får ein ikkje delta. Alle skal føle seg trygge, seier Solheim.

    Stryn Røde Kors var på plass for å sikre tryggleiken. Det har ikkje vore dei store ulukkene under Stryn Gummibåtfestival.

    – Det pleier som regel å gå bra, så her er det god stemning. Festen får vi heller ta på kvelden, avsluttar Solheim.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.