Men feiringa vart avlyst, og direktøren i Hydro Aluminium heldt seg i Oslo. For Høyanger-samfunnet var innstilt på alt anna enn fest.
Kraftfull markering
I staden for fest vart
Billy Fredagsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK
det ei kraftfull markering av at folk i Høyanger ser på Hydro som ein kynisk og kald arbeidsgjevar. Leiar Billy Fredagsvik i Høyanger Kjemiske Fagforening heldt appell, og det meste av lokalsamfunnet stod stille frå klokka 13 i dag.
120 missar jobben
For denne veka, då Hydro hadde planlagt jubileumsmarkering, kom meldinga om at dei vil stenge den eldste av produksjonshallane for aluminium eitt år tidlegare enn det som var venta. 90 tilsette i Hydro og 30 i andre firma misser arbeidet i haust.
- Vi gjer ikkje opp
Dermed får Høyanger-samfunnet eitt år mindre på seg til omstilling. Men Fredagsvik forsikra Hydro-leiinga om at kampgløden slett ikkje er slokna.
- Vi skal ikkje gje opp! Høyangerfolk legg seg ikkje på ryggen og seier at no er det slutt. Vi skal kjempe, sa Fredagsvik frå talarstolen.