Hopp til innhold

Stad skipstunnel får planleggingsmidlar

Regjeringa set av fem millionar kroner til Stad skipstunnel i Stadsbudsjettet som blir lagt fram klokka 10 måndag.

Liv Signe Navarsete lovar at Stad skipstunnel skal byggjast
Foto: Montasje: Nordwest3d/Erlend Aas, NTB/Scanpix,

Frå før har regjeringa løyvd 1 milliard kroner til prosjektet i andre del av nasjonal transportplan. Pengane som kjem måndag skal gå til forundersøkingar og planlegging av prosjektet, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete.

– Det er viktig fordi ei slik løyving gjer at ein kan sette i gang det konkrete arbeidet. Regjering har jo fått Stortinget si velsigning på at Stad Skipstunnel skal igangsettast. Då er det og viktig å få i gang planlegginga.

Navarsete seier dei vidare vil trappe opp løyvingane i åra som kjem slik at ein skal vere klare til å starte bygginga når den tid kjem.

– Det er eit veldig viktig signal for Stad Skipstunnel at desse pengane kjem no i budsjettet.