Hopp til innhold

Ny styreleiar ønskjer å framskunde skipstunnellen

Rolf Domstein går inn som ny styreleiar i Stad skipstunnel, og vil jobbe hardt for å framskunde oppstarten av prosjektet.

Rolf Domstein

TEK OVER: Rolf Domstein skal føre Stad skipstunnel vidare.

Foto: Håvard Holme / NRK

Rolf Domstein er frå Måløy, og er konsernsjef i det internasjonale

fiskekonsernet Domstein. Han har som målsetjing å få framskunda oppstart av tunnelen, som opphavleg er planlagt til 2018.

– Vi skal gå gjennom og diskutere ambisjonsnivået, men det er klart at vi ønskjer å realisere tunnelen tidlegare enn det ein har lagt opp til i Nasjonal transportplan, seier Domstein.

Tidlegare styreleiar Per Sævik i Havila Shipping ASA har takka av som styreleiar grunna alder og stor arbeidsmengd.

Prosjektgruppa er svært tilfreds med å ha fått ein ny styreleiar frå næringslivet med lang politisk røynsle, stort nettverk og glødande engasjement for Stad skipstunel.

Men nøyaktig kor mykje fram i tid, vil han ikkje seie noko om. Men konsernsjefen ser fram til å jobbe vidare med skipstunnelen.

– Det blir veldig interessant. Stad skipstunnel er, slik eg ser det, største samferdsleprosjektet på kysten i vår generasjon. Det å få vere med og ta prosjektet i hamn, det vert ei viktig oppgåve, seier Domstein til NRK.no.

Har nytte av politisk bakgrunn

Domstein har vore aktiv Høgre-politikar både på riksplan og lokalt, og var frå 1983 til 1987 ordførar i Vågsøy.

Han trur ikkje det er ein dum bakgrunn å ha med seg, for å jobbe opp mot den nye regjeringa.

– No kjenner eg folk i alle politiske parti, men det er klart eg har partibakgrunn i Høgre, og er også lokalpolitikar for Høgre, så det er viktig at ein jobbar gjennom Høgre og dei som sit i regjeringa i den fasen som står framfor oss, seier Domstein.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video nsps_upload_2009_2_4_15_21_50_1015.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Slik blir Stad skipstunnel

Kan bli oppstart i 2018

Alt sidan midten av 1980-talet har ein jobba aktivt for å få sprengt ut ein 1.800 lang skipstunnel frå Eide i Moldefjorden til Kjødepollen på nordaustsida av Stadhalvøya.

Først i 2013 kom tunnelen med i Nasjonal Transportplan, og det vart sett av éin milliard kroner. Truleg kan bygginga komme i gang i 2018.

Akkurat dét er viktig for Domstein å få stadfesta.

– Vi har eit vedtak i Nasjonal Transportplan om at prosjektet skal realiserast, og det som vert viktig no, er å få realisert prosjektet så raskt som mogleg. Og at dei som sit i regjering, stadfestar at dei meiner det same no, som dei meinte før valet, seier Domstein.