Fekk tunnelprosjekt

Den nye rassikringstunnelen i Ljoteli i Årdal skal bli bygd av Flage Maskin AS, melder Statens vegvesen. Sju entreprenørar konkurrerte om kontrakten på vegen mellom Årdal og Tyin. Tunnelen skal bli rundt 1,1 km lang, og skal sikre mot steinsprang, nedfall av is og snøskred.