Hopp til innhold

For eitt år sidan mista ho ektemannen sin – i dag fekk ho denne eposten

– Det er ganske sjokkerande eigentleg, seier Wenche Merethe Hosteland Mæland om eposten ho fekk i dag.

Wenche Merethe Hosteland Mæland og eposten.

VONDT: Wenche Merethe Hosteland Mæland tykte det var både vondt og trist å få eposten i innboksen.

Foto: Fotomontasje: privat

I eposten fortel avsendaren at han var advokat for avlidne «Mr. Mæland», og at han hadde eit stort pengebeløp på ein konto i utlandet.

Eposten hamna i innboksen eitt år etter at Wenche Merethe Hosteland Mæland mista ektemannen Birger i ein bustadbrann .

– Ein køddar ikkje med slike ting. Det er tøft og hardt. Det er nok ei påminning om at du er åleine. Du kan seie det gav meg ein på trynet, seier ho til NRK.no.

Trur det kan vere bevisst

I eposten blir Mæland oppmoda om å ta kontakt om ho ynskjer tilgang til pengane. Noko ho ikkje har gjort, ettersom det er eit tydeleg svindelforsøk.

– Dette er det inga sanning i. Ikkje i det heile. Eg tykkjer det er veldig ubehageleg, seier ho og mistenkjer at nokon prøver å utnytte det tragiske dødsfallet til ektemannen.

– Dei må ha det frå ein stad at eg vart enke for eitt år sidan, seier kvinna frå Jølster.

– Tilfeldig

Anne Dybo, rådgjevar i Økokrim, trur ikkje at svindlarane er klar over at Mæland mista ektemannen sin i fjor.

Ho seier brevet er eit kjent svindelforsøk, eit såkalla Vest Afrika-bedrageri.

Anne Dybo, rådgiver i Økokrim

ÅTVARAR: Anne Dybo, rådgjevar i Økokrim.

Foto: Lasse Lerdahl

– Eg forstod at mannen sitt førenamn ikkje var nemnt i brevet, så det er nok heilt tilfeldig at ho fekk brevet akkurat no. Dette er eit vanleg brev eller epost om at du har arva ein slektning, seier Dybo og oppmodar dei som får slike «for godt til å vere sant» epostar, om å oversjå dei.

– Vondt og sårt

Om svindelforsøket var tilsikta eller ikkje, så var det uansett ei ubehageleg oppleving for Mæland. Den fekk henne også til å tenkje nokre år tilbake då dei fekk telefon med spørsmål om å støtte arbeidet mot krybbedød.

– Det var rett etter at eg og Birger mista. Korleis kan dei finne ut av slikt, seier ho.

– Det kan vere nok til å knekke ein. Det er vondt, og det er sårt. Det er ei konstant påminning om at du er åleine, avsluttar Mæland.