Hopp til innhold

Her fekk arbeidarane med det nye Skålatårnet ei overraskande utfordring

På 1843 meter over havet måtte planane for det nye Skålatårnet endrast.

Det nye Skålatårnet

EKSTREMT ARBEID: Det blir jobba iherdig på Skålatårnet for å bli ferdige med det nye tårnet til oktober.

Foto: Bergen og Hordaland Turlag

Bergen og Hordaland Turlag er i ferd med å bygge eit nytt overnattingsbygg på det populære fjellet Skåla i Loen. Men under bygginga har arbeidarane på 1843 meter over havet møtt utfordringar dei ikkje var budde på.

– Det var mykje mindre lausmassar på toppen enn nokon hadde trudd, så vi kom for til fjell, seier Helene Ødven som er dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag.

Slik ser dei føre seg nybygget på Skåla

DET NYE BYGGET: Det historiske Skålatårnet skal ligge som ei stjerne på toppen, medan nybygget skal vere meir tona ned.

Foto: Arkitekt Eilif Bjørge

Populært turmål

I 2014 var det hadde 2600 besøkande registrert seg i boka på toppen av Skåla. Det karakteristiske Skålatårnet på fjellet har stått i 125 år, men oppvarming både på vinter og vår av det karakteristiske tårnet har skapt aukande problem med vedlikehald.

Difor er det planlagt eit nytt overnattingsbygg med 20 – 25 overnattingsplassar på fjellet. I og med at byggarane fekk utfordring med å støyte på fjell langt raskare enn venta, har planane blitt endra.

– Vi måtte gjere litt om på planane. Så det blir ein litt større mur enn tenkt på nedsida av huset, for vi måtte mure meir enn vi hadde planlagt. Men det vart ein fin mur, så det var ikkje noko stort problem.

Håpar på snarleg kranselag

Stryn kommune har godkjent endringane på fasaden. Dermed har ikkje det uventa problemet med å støyte på fjell endra på tidsplanen for å få bygget ferdig.

– Vi har framleis god tru på at bygget skal stå klart til oktober. Trass i at vi også har arbeidarar som må jobbe i snø og vind. Det er ein heilt rå arbeidsplass, seier Ødven.

Ho seier mange turgåarar har tatt vegen opp til tårnet for å sjå korleis arbeidet går framover. Ødven ser ho fram til at neste milepæl står klar.

– Reisverket skal opp i løpet av eit par tre veker, så då blir det stor ståhei med kranselag på toppen, smiler ho.