Hopp til innhold

Denne utsikta vil rekordmange sjå

Skålatårnet ligg an til å få ein rekordsesong. I midten av juli hadde 150 prosent fleire overnatta på den spektakulære turisthytta på toppen av Skåla.

Skålatårnet i Stryn

VAKKERT: Soloppgang og solnedgang på Skåla er eit vakkert og spesielt syn.

– Då eg sjekka tala i midten av juli hadde vi hatt 1200 overnattingar. Det er 150 prosent over talet på same tid i fjor, seier dagleg leiar ved Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven.

Skålatårnet, eller Kloumanstårnet, som det eigentleg heiter, vart i midten av august kåra til den mest originale hytta i landet. Skålatårnet står på toppen av fjellet Skåla i Loen, 1848 meter over havet. Høgsesongen er juli, august og september, og det er difor ein god månad att av sesongen.

Skålatårnet har vel 20 sengeplassar, så det har til tider vore trangt om plassen i den karakteristiske hytta.

– Eg veit det har vore både 40 og 50 gjestar samtidig i sommar. Då er det ikkje mykje privatliv, ler Ødven.

Går mot tidenes sesong

Med berre 20 sengeplassar, må ein tenkje kreativt.

– Då brukar ein golv, benker og bodar og det som kan nyttast. I tillegg har nok mange overnatta ute under open himmel. Det har ikkje vore noko problem når vêret har vore så fint som i sommar, seier Ødven.

Ho er spent på det totale besøkstalet på Skåla, og trur det vil hamne nærare 15.000 enn 10.000.

Helene Ødven

KJEKT: Dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven, gler seg over rekordbesøk på hyttene i sommar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg trur det går mot tidenes sesong, for det har, ifølgje folk som bur i området, vore eventyrleg med bilar på parkeringsplassen, seier Ødven.

Den norske turistforening har jamt over opplevd stor trafikk på hyttene sine overalt i landet.

– Vi har ein auke på alle våre 25 anlegg. Eg trur det er fleire grunnar til det, seier Ødven.

Er meir trendy å gå i fjellet

Ho peikar på at det har vorte meir trendy å gå i fjellet og vere ute i friluft.

– Fleire har interesse av å vere i naturen. Når det gjeld Skåla så er Skålatårnet for mange eit mål i seg sjølv. Det er eit spektakulært tårn som mange ønskjer å besøkje, seier Ødven.

Ho peikar på at Skåla også har fått mykje merksemd, ikkje minst på grunn av stien som i løpet av fleire år har vorte utbetra.

– I tillegg har Skåla Opp gitt fjellet nasjonal merksemd, og det trur eg nok har verka inn, seier Ødven.

At Skålatårnet i august også vart kåra til den mest originale hytta i ei kåring i DNT har også gitt auka interesse for fjellet.

– Det fantastiske vêret vi har hatt i sommar må nok også ta sin del av æra for at mange har brukt mykje tid på tur, seier Ødven.

Mellom 50 og 100 bilar på p-plassen dagleg

Knut Johan Tjugen driv Tjugen camping ved foten av Skåla. Han trur også Skåla ligg an til ein rekordsesong.

Knut Tjugen

MYKJE BESØK: Knut Tjugen har hatt ein rekord-juli på Tjugen camping.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Spesielt juli var veldig gra. Eg tippar det var mellom 50 og 100 bilar på parkeringsplassen kvar einaste dag, så besøket har vore stort, seier Tjugen.

Det har han merka på campingplassen også.

– Vi hadde ein rekord-juli. Eg trur det skuldast ein kombinasjon av kjempeflott vêr og at nordmenn har funne ut at det går an å vere turist i eige land. Folk ønskjer å bruke naturen meir, seier Tjugen.

  • LES OGSÅ: