Hopp til innhold

Kunne ikkje forstå kor 1,5 mill. kom frå - men så sjekka dei litt rundt...

Då styreleiar i Jølster skisenter, Johan Gotteberg, fekk telefon frå banken om at skianlegget hadde fått 1,5 millionar kroner inn på konto, forstod han ingenting.

Bjørkelia og Mohn

RAUS: Trond Mohn har gitt mykje pengar til både norsk idrettsliv og forskning. Jølster skisenter har fått halvannan million av den rause bergensaren.

Foto: Birger Meland/Jan Harald Tomassen / NRK

– Gåva på 1,5 millionar kroner kom som lyn frå klar himmel. Og spør om det var gledeleg, overveldande gledeleg, seier Gotteberg til avisa Firda.

Etter litt detektivarbeid kom det nemleg for ein dag at den heller rause pengesummen hadde ei høgst naturleg forklaring.

– Etter litt nøsting, fann vi at det kom frå Trond Mohn. Og vi hadde søkt om ei gåve, men midt i ein travel kvardag, vart det gløymt, seier Gotteberg til avisa.

Har gitt mykje til mange

Mohn er ein stor bidragsytar til norsk idrettsliv og forsking. Han har mellom anna støtta bygginga av ein ishall i Bergen med 15 millionar kroner, og han har donert store summar til fleire nye fotballbaner.

Tromsø Idrettslag frekk i 2009 ei gåve på 10 millionar kroner for å støtte klubben i eit økonomisk vanskeleg år.

I 2012 fekk St. Olavs hospital i Trondheim 50 millionar kroner til ein PET-MR-scanner.

Ønskjer å lage eit familieanlegg

For Jølster skisenter er pengane ei kjærkommen gåve. Styrret ønskjer å leggje til rette for ei større satsing for at anlegget skal bli eit familieanlegg.

I satsinga står eit 200 meter langt barneskitrekk øvst på prioriteringslista, samt eit skitrekk tilpassa funksjonshemma.

Men det kostar pengar.

– Prislappen ligg på mellom to og 2,5 millionar kroner, og ved å omfordele delar av dei attståande INU-midlane, er heisen fullfinansiert. Den vart bestilt i dag, og står alle gode krefter oss bi, er heisen klar til bruk når alpinsesongene er i gang, seier Gotteberg til avisa.