Hopp til innhold

Har aldri hatt så mange på FIS-renn

Sogn og Fjordane stilte med ti lokale løparar under FIS-renna i Bjørkelia. Det er meir enn nokon gong.

FIS-renn Jølster, Bjørkelia

MANGE PÅ FIS-RENN: Her er eit knippe av dei lokale løparane som deltek i FIS-renn land og strand rundt gjennom vinteren. Bak frå venstre: Karl André Foss, Martin Hoff Mortensbakke, Jostein Ova Bøyum, Ivar Fugle Nordhaug, Bertil Hamar og Thomas Sårheim. Framme frå venstre: Veronica Foss, Synnøve Søvik Myklebust, Kristin Nornes og Vilde Årdal.

- Det er kort og godt fantastisk at vi har ti løparar frå Sogn og Fjordane med i eit FIS-renn, seier Geir Foss til Firda.

Han er hovudleiar for den lokale troppen, og kan konstatere at rekrutteringa til alpintsporten i fylket er betre enn nokon gong.

Nøgd med eigne prestasjonar

Denne veka vert FIS-renna i slalåm arrangert i Jølster skisenter i Bjørkelia, og om lag 120 løparar frå inn- og utland er til stades med håp om topplasseringar.

Ingen av dei lokale hevda seg heilt i toppen i opningsrennet, men mange var overfor NRK Sogn og Fjordane likevel nøgde med eigne prestasjonar.

- Eg ligg sånn rundt 20. plass, og det gjekk ganske bra, sa Drude Aarnes Søgaard frå Stryn etter førsteomgangen.

Gode anlegg betyr mykje

Jølster arrangerte FIS-renn i Bjørkelia også i fjor, og i mars er det klart for landsfinale for alpinistar i alderen 12-13 år same stad.

Det er eit endå større arrangement enn FIS-renna.

- Det gir ein ekstra motivasjon å køyre konkurransar i sitt eige fylke. Dessutan betyr det mykje at vi har så gode anlegg, seier Synnøve Søvik Myklebust.

Ho har stått på ski sidan ho var lita jente. Etter over eit år på sidelinja med kyssesjuke, vil ho no på skigymnas på Oppdal.

Håpar FIS-renn er motiverande

Atle Hamar er rennleiar for FIS-renna i Jølster. Han meiner arrangementet er med på å setje Sogn og Fjordane på alpinkartet.

- For meg er det stort å arrangere dette i Jølster. Det er også motiverande for dei herifrå som satsar på denne idretten, seier Hamar.

- Vi samarbeider godt i alpinsporten i dette fylket, og eg set pris på alle dei frå naboklubbane som stiller opp og hjelper til, seier han.

Brukar mykje tid og pengar

Karl André Foss frå Sogndal er ein av dei mange lokale talenta som deltek i FIS-renn gjennom heile sesongen. Det betyr ein betydeleg innsats frå både løparen sjølv og resten av familien.

- Det er renn kvar helg, og nokre gongar også gjennom heile veka. Så det er greitt å ha med mamma og pappa, seier han.

- Det går veldig mykje pengar på dette. Men det er sunn og frisk ungdom, og synest eg det er fornuftig, seier mamma Marit Dyrdal Foss.