NRK Meny
Normal

Jan Tore var så sint at det heldt på å gå gale - så fekk han hjelpa han lengta etter

FLORØ (NRK): Jan Tore Vig var tidvis så sint og forbanna på dei rundt seg at det tidvis gjekk langt over streken. Redninga for han blei sinnemeistringskurs.

Jan Tore Vig

FEKK HJELP MOT SINNET: Jan Tore Vig opplever at vener og familie no merkar at han er mindre aggressiv etter at han var med på sinnemeistringskurs.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

31-åringen frå Bergen har dei siste åra budd i Florø. Saman med kona har han bygd opp ei vellukka bedrift, han har fem ungar og han står fram som ein svært hyggeleg mann. Men frå han var ung gut, så har det eksplosive sinnet hans skapt vanskar for han.

– Eg tykte vel aldri sjølv at eg var i overkant sint. Eg blei sint og blei ferdig med det. Men det var kona mi som var den som hinta frampå om vi ikkje burde gjere noko. Det er veldig viktig å tenkje heilskap for alle saman. Det å ha nokon nær deg som du har god kommunikasjon med, er veldig viktig, seier Jan Tore.

Fekk hjelp på helsestasjonen

For ei tid tilbake var ekteparet til samtale på helsestasjonen i Florø. Det var då dei fekk vite at Helse Førde arrangerer kurs for å få folk til å takle aggresjonen sin betre. Men å innsjå at han faktisk trengde hjelp for sinnet sitt.

– Det var ganske tungt, og eg brukte lang tid på å innsjå det. Eg har barn som har kravd litt ekstra oppfølging og vi har brukt helsestasjonen. Der fekk vi tips om sinnemeistringskurset, og følgde det opp med legen. Det var etter eige ønskje, men det er ei utfordring å finne rett kanal å gå gjennom. Eg visste jo ikkje om at det eksisterte slike tilbod ein gong.

Det var kona mi som var den som hinta frampå om vi ikkje burde gjere noko

Jan Tore Vig

Etter eit stund fekk Jan Tore plass på eit av kursa. Saman med fleire andre i same situasjon måtte han utsetje seg for utfordrande terapi. Først gjennom samtalar med ein behandlar, og deretter i form av samlingar.

– Vi var ein veldig fin gjeng, alle med liknande utfordringar. Det var veldig gjevande for meg, seier Vig.

Les også: Få kommuner tilbyr sinnemestring

Les også: Hvor sint er for sint?

Vil ha eigne kvinnegrupper

I Sogn og Fjordane er det Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal som arrangerer sinnemeistringskursa. Seksjonsleiar på senteret og psykolog, Øystein Sunde, meiner at dette er eit viktig helsetilbod. Han vil gjerne nå ut til fleire, for mørketala er store, ikkje minst blant kvinner.

– Det vi no har eit styrkje ønskje om er at kvinnene kjem på bana og vi ønskjer å starte opp ei eiga kvinnegruppe. Vi veit jo også at det er slik at aggresjonsproblem er like mykje representert hos kvinner som hos menn, seier Sande.

NRK møter han saman med terapeutane Geir Olav Borlaug og Laila Hagen. Dei to sistnemnde har etter kvart bygd opp erfaring og høg kompetanse på det som er eit samfunnsproblem. Dei er opptekne av at når sinnet blir så sterkt at det kjennest krenkande, så er det verbal vald.

Sande, Borlaug og Hagen

TRUR PÅ MEISTRING: Geir Olav Borlaug, Øystein Sunde og Laila Hagen ved Indre Sogn psykiatrisenter er overtydde om at det å lære seg å meistre sinnet sitt har ein god effekt på lang sikt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trur på langtidseffekt

– Eg tenkjer det er viktig at ein vågar å setje litt ord på det. At ein tør å seie noko om at ein har blitt for sint. Eg trur det kan gjelde dei fleste av oss. Det å tore å seie dette til helsesøstera, ei venninne eller andre er viktig.

Det seier Laila Hagen. Ho er utdanna klinisk sosionom, og tek vidareutdanning i det som blir kalla Brøset-metoden. Ein metode utvikla på St. Olavs Hospital i Trondheim, og som no blir brukt over heile landet for å hjelpe folk med sinnet sitt.

– Eg trur vi kan klare å hjelpe folk til å endre handlingsmønsteret sitt. Det er gjort ein del forsking som syner at dette er endringar som varer over tid. Vi meiner at vi gjev eit tilbod som gjev god hjelp for dei som slit med sinneproblematikk. Både kvinner og menn.

– Men du trur på at dette er endringar hos pasientane som vil vare?

– Det er jo det vi håpar. Vi får tilbakemeldingar om at det har vore god hjelp i denne terapien, og at dei har klart å stogge sinneutbrota sine før det blir for alvorleg.

Eg trur vi kan klare å hjelpe folk til å endre handlingsmønsteret sitt. Det er gjort ein del forsking som syner at dette er endringar som varer over tid

Laila Hagen

Har blitt meir audmjuk

I Florø er det hektiske dagar for Jan Tore Vig. Dagen før NRK er på besøk på kontoret hans i sentrum, fekk han kona og dei nyfødde tvillingane heim frå fødestova.

Før jul skal han også vere med og jobbe frivillig for Frelsesarmeen. Samtidig står arbeidsoppgåvene i kø på kontoret. Alt slikt som kan få ein kvar person både stressa og kanskje også sint. Men for han er ikkje det brå sinnet lenger noko alternativ. Jan Tore er overtydd om at han vil klare å halde seg.

– Ja, utan tvil så trur eg at eg skal klare å halde meg til det opplegget vi lærte med å bryte sinnesirkelen. Sjølvsagt så kan ein skli ut, men eg klarer å ta meg inn att ganske fort. Det å faktisk seie unnskyld til den eldste sonen eller til andre, er viktig. Eg har lært meg å vere meir audmjuk.

– Ser stor skilnad no

Jan Tore tok sjølv kontakt med helsevesenet, og slik fekk han plass på sinnemeistringskurset. Andre kjem inn i systemet gjennom politiet og domstolane. Men felles for dei alle er at dei har eit sinne som går langt ut over det som andre kan akseptere.

– Dei rundt meg ser stor skilnad no. Barna mine også, og det er veldig kjekt. Eg har blitt ein rolegare person og har fått meir kontakt med meg sjølv, seier Jan Tore og smiler.

– Men kva gjer du då når det kokar litt over?

– Alle blir sinte, og det er lov å bli sint. Men du må ikkje gå for langt, og bli verbalt valdeleg eller tek tak i nokon. Det er lov å bli sint, men tenk over kva du gjer. Stogg og tenk litt, konkluderer han.

Denne modellen er det Indre Sogn Psykiatrisenter brukar når dei behandlar sinne.

SPESIALIST: Psykiatrisk sjukepleiar, Geir Olav Borlaug, forklarer korleis dei brukar den såkalla sinnesirkelen for å forklare korleis ein kan bryte av før sinnet blir for stort.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen