Hopp til innhold

Fekk fullt gjennomslag på landsmøtet

Delegasjonsleiar for Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, er godt nøgd med å ha fått landsmøtet med på begge framlegga til Sogn og Fjordane.

Trude Brosvik

VIKTIG: - Det var eit godt landsmøte der vi fekk gjort viktige vedtak, seier delegasjonsleiar for KrF Sogn og Fjordane, Trude Brosvik.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det gjekk over all forventning. Vi hadde med oss to framlegg til uttalar og vi fekk gjennomslag for begge, seier Trude Brosvik.

Det eine var eit litt større framlegg som handla om ein samla distriktspolitikk.

– Den handla om både samferdsle, næringspolitikk, mjølkekvoteregionane, utflytting av offentlege arbeidsplassar, likeverdige offentlege tenester og vidareføring av kortbaneflyplassane, seier Brosvik.

Meiner distriktsuttalen er god

På punktet om likeverdige offentlege tenester kom det inn eit ekstra punkt frå KrF i Nordland som styrka uttalen ytterlegare.

– Eg meiner at KrF no har fått ein svært god distriktsuttale med eit landsmøtevedtak som er viktig politikk inn mot valkampen for stortingsgruppa vår i ymse forhandlingar, seier Brosvik.

Delegasjonen frå Sogn og Fjordane hadde også med seg eit framlegg om ein uttale om at vi skal ha ei landsdekkjande folkekyrkje.

– Det er viktig no når Stortinget skal ta stilling til ei kyrkjelov. Ein skal også bestemme korleis økonomien til kyrkja skal vere. Vi har sagt at dersom ein skal oppnå målsetjinga til Stortinget og folkemøtet om å ha ei landsdekkjande folkekyrkje, så krevst det at vi held på ein god økonomi og at kyrkja har ei lovfesting som gjer at ho er til stades, seier Brosvik.

Vil ikkje ha tettare samarbeid med regjeringa

– Det var også store saker på møtet, som det å seie ja til 10.000 syriske flyktningar som ein ekstradugnad er viktig. Det rører oss alle, seier Brosvik.

På førehand signaliserte Brosvik at tilliten til regjeringa er tynnsliten sett frå KrF si side.

– Vi er inne i krevjande forhandlingar med regjeringa. Men vi syner gong på gong at vi finn løysingar, seier Brosvik.

Men ho legg ikkje skjul på at samarbeidet med regjeringa er krevjande.

– Det knirkar litt. Diskusjonen om korleis samarbeidet skal gå vidare er starta. Eg sit att med eit inntrykk av at det iallfall ikkje er nokon som vil ha eit tettare samarbeid med regjeringa. Ein del er også svært tydelege på at vi må stå hardt på vår politikk i forhandlingar, seier Brosvik.