Hopp til innhold

Nordstoga lét seg sjarmere – diktdamene får konsertbillettar

– Det vart nesten litt fjortishyling, seier Katrine Rundereim Rysjedal etter at diktdame likevel får konsertbillettar. Og middag.

Diktdamene får komme på Nordstoga-konsert

JUBLAR: Diktdamene får billettar til konserten til Odd Nordstoga i Bergen likevel. Artisten lét seg sjarmere av damene.

Foto: Montasje

– Søskenbarnet mitt ringde og sa vi hadde fått billettar, då vart det nesten litt fjortishyling i telefonen, ler Katrine Rundereim Rysjedal.

Ho og søskenbarnet Marie Runderheim og Aud Julie Befring hadde planlagt at dei skulle møtast til konsert med Odd Nordstoga i Bergen til veka. Men då dei skulle bestille billett til konserten 4. november, var det fullt. Då satsa dei på kreativiteten, og skreiv dikt.

– Veit ikkje kva eg skal gå med!

Likevel fekk damene beskjed om at det var fullt. Heilt til det tidlegare i veka kom det ein hyggeleg epost.

– Då fekk vi beskjed om at vi skulle få billettar, og vi skulle til og med bli påspanderte middag før konserten. Det vart litt glede og eg må seie at det var veldig kjekt.

Skreiv dikt til Nordstoga

SA JA DAMENE: Katrine Rundereim Rysjedal, Aud Julie Befring og Marie Rundereim får billettar til Nordstoga-konsert.

Foto: privat

No ser ho verkeleg fram til konserten i Bergen saman med venninnene.

– Eg er i småbarnsfasen så dette med konsert og middag høyrer til fortida. Eg er ikkje akkurat vekk-skjemd med å gå ut, så eg veit nesten ikkje kva klede eg skal gå i. Dette blir veldig stas, ler og humrar Rundereim Rysjedal.

Ho har aldri vore trygg på at artisten ho har vore fan av i mange år, skulle falle for sjarmtrikset deira.

Viser at ein må våge

– Vi våga ikkje heilt å håpe at det skulle gå i orden, eg har i alle fall heile tida vore usikker. Men det viser at det er berre å hive seg rundt og prøve, og ikkje tenkje at det ikkje går.

Mange engasjerte seg i saka etter at diktet vart kjent, og det synest ho er stas. På Facebook-sida til Odd Nordstoga har fleire ymta frampå at dei tre damene bør få komme backstage og.

– Vi har ingen ambisjonar om det. Det kan bli ei nesten pinleg affære. Det er sikkert ikkje så moro å møte oss, han kjenner jo ikkje oss. Vi er jo framande. Det kan jo hende at han tenkjer at vi ikkje er kloke, ler Rundreim Rysjedal.