Hopp til innhold

Sjarmerte Odd Nordstoga med dikt - men det heldt ikkje til billett

Kva gjer du når du vil på konsert, men konserten er utselt? Skriv dikt, vel!

Skreiv dikt til Nordstoga

DIKTA: F.v. Katrine Rundereim Rysjedal, Aud Julie Befring og Marie Rundereim ville så gjerne på konsert med Odd Nordstoga.

Foto: privat

– Eg har vore fan av Nordstoga i mange, mange år, men eg har aldri vore på konsert. Då vi såg at han skulle ha konsert i Bergen, tenkte eg og søskenbarnet mitt Aud Julie at vi ville overraske søstera mi med billett for oss tre, seier Katrine Rundereim Rysjedal, som er frå Førde, men bur i Naustdal.

Håpet var at ho saman med systera Marie, som bur i Bergen og søskenbarnet Aud Julie Befring, som bur i Oslo, skulle møtast til konsert i Bergen. Men då dei skulle bestille billett til konserten 4. november, var det fullt. Heilt fullt.

– Vi var for seint ute, rett og slett. Først var vi litt fortvila, men så tenkte eg og Aud Julie at kanskje det var håp i hengjande snøre viss vi sende ein e-post med eit dikt, seier Rysjedal.

Ho forfatta eit utkast, og så sende ho det til Befring for finpuss. Dermed enda det slik:

Til Odd

Kjære Odd, please, høyr oss no.
Dette er eit rop frå angrande to,
som somla for mykje i ei viktig stund,
hendinga har rive sjela vår sund.

Tre billettar skulle vi bestille,
vi gleda oss stort, ja, var nesten heilt ville,
men då vi trykte billettknappen inn,
var det tomt for sete på konserten din.

Det er unekteleg tungt å sitje her no
med nyinnkjøpt CD og danskesko.
Tre halvgamle jenter skulle kose seg
på første rad med låtar frå deg.

Vi fekk sjokk, det er knapt som vi sover
då vi fekk forståing for at tivoliet er over.
Katten går i sirklar, og «lykkeliten» på repeat.
Dagane brått forvandla, til eit evig slit.

Ja, ikkje kven som helst er vi tre utan billett.
Aud Julie designar, Katrine husmor svett,
Marie illustrerar og er lærarstudine,
men diverre er vi berre middels fine.

Såleis kan vi konsertiveren ei skjule bak tenåringsprakt,
men billettlysta er minst like intakt.
Det sit langt inne å be på sine kne til deg,
men som ihuga tilhengarar er det lov til å prøve seg.

Så kva vil du ha, du som mogelegvis har alt?
Kan vi by deg på natronkaker eller hjortesalt?
Nye tenner av glinsande gull?
Eventuelt noko anna moteriktig tull?

Vi skulle gjerne hatt millionar å by,
men diverre er desse brukt på husly.
Svarte pengar har vi klare,
men på svartebørsen fann vi ikkje svaret.

Vi sit gjerne på medbrakt taburett
om du syter for billett,
til ein time i paradiset ditt,
den fjerde november i nabofylket mitt.

Men om dette så ikkje går,
Så må du vite at vi hjartesorg får.
Likevel ikkje meir enn at vi neste år
framom scena på konserten din står.

Delte diktet på Facebook-sida si

Men diktet til tross, plass på konserten i Bergen var det ikkje å oppdrive. Uansett versefot.

– Vi fekk e-post frå managementet som forklarte at det var heilt fullt, og at det heller ikkje var høve til ekstrakonsert. Dei rådde oss til å prøve på nokre av dei andre stadane han skal ha konsert, men det får vi ikkje til. Vi får heller vente til neste gong sjansen byr seg. Då må vi vere kjappare på labben, seier Rysjeda og ler.

Odd Nordstoga

SJARMERT: Odd Nordstoga.

Foto: Roald, Berit / NTB Tema

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med Odd Nordstoga. Men då han delte diktet med alle sine 29.079 følgjarar i ettermiddag, la han ikkje skjul på at han tykte det var litt stas:

– Nokon kan kunsten å sjarmere. Eg må nesten offentleggjera denne meldigna. Vonar det er ok for forfattarinnene.