Kjell Kvåle, sjefsingeniør ved Statens Vegvesen i fylket, seier det er kombinasjonen høg trafikk og mange ras som har ført Fatlaberget til topps.
- Dei mest rasutsette vegane har gjerne mindre trafikk, medan vegen under Fatlaberget har nokså stor trafikk i høve til rasfaren. Dessutan blir det lagt vekt på at det er skuleborn på strekninga, seier Kvåle.
Inga overrasking
For dei som til dagleg køyrer mellom Sogndal og Leikanger kjem idet kkje akkurat som noka stor overrasking at Fatlaberget blir utpeikt til den mest rasfarlege strekninga på Vestlandet. Kai Lille-Homb i aksjonsgruppa for rassikring meiner dette må føre til at denne strekninga no får prioritet når det gjeld rassikring.
Diverre for rassikringsgruppa så er ikkje Fatlaberget berre den mest rasfarlege strekninga på Vestlandet, men også den vegstrekninga som er dyrast å utbetre. 150 millionar kroner kjem det til å koste med ei fullverdig sikringa av den to kilometer lange strekninga.
Svært lang liste
Men det er mange som kjempar om dei same pengane, og ifølgje Kvåle så er det ikkje nødvendigvis ein samanheng mellom kva strekning som er farlegast og kva strekning som blir utbetra først.
- Lista vi har er så voldsamt lang, og på den lista er det mange gode prosjekt som er billegare enn Fatlaberget, seier Kvåle.