Dei som pendlar mellom Sogndal og Leikanger må gjennom to område med stor rasfare – Fatlaberget og Stedjeberget. Etter å ha vore relativt roleg i eit par år, har Fatlaberget i år fått pendlarane til å kvi seg meir og meir for dei to daglege passeringane. – Når ungane blir så store at dei må pendle til skule, blir dette verkeleg ille, seier Aall.
Lokalpolitikarar har ansvar
Pendlarane har lenge appellert til politikarane for å få tunnel gjennom heile Fatlaberget. Carlo Aall meiner fylkespolitikarane alt for lett skyv ansvaret over på rikspolitikarane. – Det er frustrerande og håplaust når dei stadig prioriterer nye vegar og bruer i staden for rassikring, seier Aall.
– Ras kjem når som helst
Geolog Svein Helge Frækaland i Statens Vegvesen kan berre konstatere at det ikkje finst noko som heiter godt Fatla-vêr. – Steinsprang kan kome når som helst, seier han. – No er det til dømes frostnetter i område, og det kan vera det vesle som skal til for å utløyse steinsprang, seier Frækaland.