Hopp til innhold

Justisministeren rosa innsatsen, men vil ikkje love noko om framtida til naudetatane

Justisminister Grete Faremo rosa innsatsen til naudetatane i tunnelbrannen i Gudvangen og bussulukka i Sogndal då ho vitja Florø i dag.

Grete Faremo i Florø

KOM MED SKRYT: Justisminister Grete Faremo blir orientert av Roy Humlestøl på Alarmsentralen. Til høgre for Faremo politimeister Ronny Iden og stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

I Florø fekk ho høyre at det fungerte godt mellom anna på grunn av dagens organisering. Mange meiner at den gode handteringa av brannen i Gudvangatunnelen og bussulukka i Sogndal talar mot sentralisering.

For no er eit framlegg om meir robuste brannvesen, naudsentralar og politidistrikt ut på høyring. Det kan ende med at Florø misser både alarmsentral og politidistriktet.

– Viktig å sitje nær kvarandre

Roy Humlestøl var på jobb på alarmsentralen i Florø då ulukka i Gudvangatunnelen i skjedde, og han seier det var viktig å ha politiet i naborommet.

– Når vår vaktleiar sit så nær operasjonsleiaren til politiet kan dei utveksle informasjon umiddelbart. Det har synt seg i fleire store hendingar som orkanen Dagmar, tunnelbrannen i Gudvangen og bussulukka i Sogndal.

– Fabelaktig innsats

Justisminister Grete Faremo var raus med ros då ho møtte representantar for naudetatane i Florø i dag.

– Det vart gjort ein fabelaktig innsats både under brannen i Gudvangatunnelen og rundt den fæle bussulukka i Sogndal, eg er imponert over det dei greidde å få til.

Roy Humlestøl er saman med kollegaene på alarmsentralen og politifolka glade for godorda.

– Det er kjekt å få skryt. Det er eit lite beredskapsmiljø i Sogn og Fjordane. Vi jobbar knallhardt for å vere gode og for å ta dei store hendingane. Når justisministeren gir oss så positive tilbakemeldingane så synest vi det er veldig kjekt.

Vil vente med å kommentere organiseringa

På møtet nytta Humlestøl og andre høvet til å seie kva dei meiner om framlegget frå Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) om å sentralisere alarmsentralen til Bergen.

– Vi hadde ein god dialog med justisministeren om dette, men korleis det endar er veldig vanskeleg å seie. Vi meiner iallfall at vi har bygd ein god beredskap gjennom å utvikle tette relasjonar.

I politianalysen som er lagt fram er det konkludert med at operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt ikkje er ein robust operasjonssentral. Men debatten om organiseringa av politiet ville ikkje Faremo kommentere nærare i dag.

Avventar organisering

– Samarbeidet mellom brann og politi var mønstergyldig. Så er spørsmålet korleis vi skal organisere oss, men det får vi ta etter at politianalysen har vore på høyring og etter at eg har fått meir opplysingar om den samfunnsøkonomiske betydninga av måten vi har organisert 110-sentralane på.

– Vi du seie at desse hendingane vart behandla robust?

– Eg vil seie at det vart behandla svært profesjonelt. Ikkje minst korleis dei fekk ressursane til å verke saman var av det aller beste.