Den siste tida har det gått ein debatt om strukturen i politiet, for det er kostbart med mange små lensmannskontor. Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, har tidlegare teke til orde for at det er for mange politikontor i fylket.
I dag skal justisminister Grete Faremo tale på Politiforbundets landsmøte i Molde.
– Dette krev ei brei tilnærming. Ei reform må både skje gjennom analyse innanfrå og med krefter utanfrå. Vi treng ei grundigare analyse, seier Faremo til NTB.
Ho seier ho ikkje kan lova at nedlagde kontor blir gjenoppretta, utover det vil ho ikkje kommentere enkelttema.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Styrkinga av nærpolitiet inneber også tettare samarbeid med kommunane, mellom anna rusførebyggjande tiltak og konfliktløysing. Enkelte tenester kan bli flytta frå domstolane til politiet, mellom anna vigslar, godkjenning av dokument og registreringar knytt til dødsbu og skifte.
– Vi skal vurdere om nokre av tenestene i domstolane er rett å tilby på lokalt nivå, der folk bur, seier Faremo.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: