NRK Meny
Normal

No er det betydeleg fare for snøskred

Folk blir no åtvara mot å ferdast i bratte fjellsider. Årsaka er at faren for snøskred i dag og fram mot helga.

Snøskred i Esebotn

SKRED LØYSER LETT UT: Eit snøskred sperra fylkesveg 55 i Esebotn.

Foto: Tipsar

Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, har sendt ut varsel med faregrad 3, noko som inneber at det er betydeleg fare for snøskred.

– Dette er den faregraden som statistisk sett tar flest liv. For vêret er ikkje dårleg nok til at folk held seg vekke frå fjellet, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Spesiell vêrsituasjon

Han er uroa for den store snøskredfaren som har vart over i ei veke på Vestlandet.

– Faregrad tre er det som vi omtalar som ein betydeleg snøskredfare. Mest utsett er område over 800 meter. Men også i lågare område er det komme mykje snø som dårleg binding til terrenget under og som gir utfordringar. Dette gjeld i hovudsak i terreng som er brattare enn 30 grader og utløpsområde.

Vi er opptekne av at dette må forståast til å vere ei betydleg fare.

Brigt Samdal, NVE

Varselet som er sendt ut frå NVE gjeld for store delar av Vestlandet, blant anna for Fjordane, deler av Sogn og deler av Sunnmøre i Møre og Romsdal, og til Røldal og Voss i Hordaland.

Samdal seier det er spesielt at faregrad 3 for snøskred har vore gjeldande så lenge.

– I Fjordane er det spesielt at vi har hatt faregrad 3 for snøskred i over ei veke. Det er så alvorleg at ein faktisk må ta omsyn til det og ferdast med stor varsemd og ha god kunnskap om terrenget ein ferdast i.

Må vere svært forsiktige i fjellet

Han ber folk som har planer om å ferdast i fjellet til å vere svært oppmerksame og vise aktsemd.

– Dette er såpass farleg at ein skal vite kva ein gjer når ein legg ut med ski eller brett. Ein skal ha god kunnskap om området ein går inn i og snøkunnskap for å unngå å sette seg i fare.

Han understrekar at det berre er ein mindre belastning som skal til for å utløyse eit skred.

– Folk på ski eller brett kan lett utløyse eit større snøskred. Dette vil variere frå område til område.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå