Bremanger får 109 millionar kroner, medan dei resterande 32 millionane går til Vik.
– Vi hadde venta å få 30 millionar kroner, difor er ikkje dette noko overrasking. Samtidig kan vi kan helse to nye millionar kroner velkommen. Dei skriv seg frå avkastning, som vi ikkje hadde innsyn i, og er difor ei positiv overrasking, fortel rådmann i Vik kommune, Oddbjørn Ese til firda.no.
- Desse pengane har vi sett på konto og dei er øyremerkte nedbetaling av gjeld, opplyser ordførar Kåre Olav Svarstad til Fjordenes Tidende.
Sjølv om kommunane no får utbetalt pengar, tapar dei likevel stor summar på investeringane i amerikanske obligasjonar gjennom Terra. Bremanger har åleine tapt 200 millionar kroner, medan Vik har tapt omtrent det halve.