NRK Meny

Får redusert eigedomsskatt

Storparten av innbyggjarane i Sogndal vil få redusert eigedomsskatt, i høve kravet som vart utsendt tidlegare i år, det skriv nettstaden porten.no. Då innbyggjarane i kommunen fekk ny takst i mars førte det til massive protestar. Kommunen valte difor å gå gjennom takseringa på nytt. Fungerande rådmann Marit Hagevik seier til porten.no at skattegrunnlaget er redusert med mellom 30 og 40 prosent i snitt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.