Takstmennene meiner dette huset har fått mangedobla verdi

SOGNDAL (NRK): Eigaren trudde knapt det han las, når det falleferdige fråflytte kårhuset på garden brått fekk ein verdiauke på 1,3 millionar kroner. Over heile Sogndal er folk i harnisk etter at nye verdivurderingar har fått eigedomsskatten på landbrukseigedomar til å skyte i vêret.

Vasskadd kårhus i Årøyane

FALLEFERDIG: Tydelege spor etter vasslekkasjar, som her på kjøkenet, gjer det 50 år gamle huset ubrukeleg. Det hindra ikkje ein verdiauke i millionklassen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg synest det er heilt hinsides. Eg fekk ein takst på 1,6 millionar kroner. Nesten 700 prosent auke over natta, fortel Knut Munthe Olsen, eigar av Årøy gard.

Falleferdig rønne

På garden nokre kilometer aust for sentrum står eit fråflytta kårhus frå 1960-talet. Sidan det ligg på ein landbrukseigedom, skal verditaksten som ligg til grunn for eigedomsskatten vere lågare enn for vanlege bustadhus. Den gamle taksten frå 2005 var på 240.000 kroner.

– Det er i dårleg stand, vi har kopla frå vatn og straum. Det lek frå taket, det lek inn grunnmuren. Ein kan ikkje bu i det, og investeringane som trengst forsvarer ikkje leigeinntektene vi kan få.

Munthe Olsen kan ikkje forstå korleis ein med landbrukstakst kan konkludere med ein verdi på 1,6 millionar kroner.

– Det burde stått i minus med tanke på kostnadene for å rive det.

I Sogndal har sinna kome i kok fordi mange gardar no får høgare eigedomsskatt. Ei ny verdivurdering av landbrukseigedomar er gjennomført, og det har gitt høgare takstar.

SJÅ TV-REPORTASJE: Vestlandsrevyen vart måndag med eigar Knut Munthe Olsen inn i huset som takstmennene vurderte til 1,6 millionar kroner i landbrukstakst-verdi.

Meiner dei har taksert rett

Grunneigaren i Årøy er ein av mange Sogndal kommune sine innleigde takstmenn har hissa på seg. Dei siste månadene har over 300 gardshus i Sogndal har fått ny takst. Rådmannen budsjetterer med å hente inn minst 2,5 millionar kroner i auka inntekter på eigedomsskatten.

Selskapet Verditakst har alt gjort eit frådrag på 10 prosent av taksten på våningshusa fordi slike gardshus ikkje er omsetjelege på bustadmarknaden. Den kommunale skattenemnda har trekt ytterlegare 40 prosent frå, slik at den samla «rabatten» blir 50 prosent. Likevel meiner mange å ha fått urimeleg høg verdi.

Ole C. Torgersen, dagleg leiar i Verditakst, kunne ikkje stille til intervju måndag, men seier følgjande i ein kort kommentar:

– Verditakst har synfare alle dei takserte eigedommane i Sogndal kommune, av to takstmenn. Vi meiner taksten gjennomgåande er konsistent og rett – og tek omsyn til variasjonar i geografi, standard og storleik.

Fråflytta kårhus på Årøy gard

VERDIAUKE – PÅ PAPIRET: Sjølv om dette huset nærast har rotna på grunnmuren sidan sist verdivurdering vart gjort, vil eigaren måtte betale langt meir i eigedomsskatt no – 10 år etter.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Lokalavis: – Enormt trykk

I Sogn Avis, som gjennom vinteren har hatt ei rekkje artiklar om saka, har redaktøren knapt opplevd maken til engasjement hos lesarane rundt det han kallar vinterens store stridssak i Sogn.

Jan Inge Fardal

BLIR NEDRINGT: Sogn Avis har gjennom ei rekkje artiklar sett søkjelys på takseringa som er gjort i høve til eigedomsskatten i Sogndal. Redaktør Jan Inge Fardal seier han har forståing for at folk er forbanna.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er blant dei sterkaste reaksjonane vi har fått på lenge. Det er massivt. Folk blir så eitrande forbanna på dette. Det er urettferdig. Hinsides. Eg kan ikkje hugse noko som har skapt så kraftig trykk og sterkt engasjement som denne saka, seier Jan Inge Fardal.

Han fortel om svært frustrerte sogndøler som kontaktar lokalavisa.

– Dei forstår ikkje kvifor eigedomane deira er taksert slik. Det gjer faktisk ikkje eg heller.

Folkemøte og tvilande ordførar

Jarle Aarvoll

KAN HA GJORT FEIL: Ordførar Jarle Aarvoll vedgår at verdivurderinga på enkelte våningshus kan vere sett urimeleg høg.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Så stort er engasjementet at kommunen førstkommande onsdag kallar inn til folkemøte om nytakseringa. Dagen etter skal saka opp i formannskapet. Der lovar ordføraren at han vil ta til orde for at huseigarane skal få ytterlegare rabatt på den nye taksten.

– Ut frå det materialet som eg no har fått i hende, ser eg at grunnlaget som ligg til vurdering når det gjeld våningshus, i nokre tilfelle kan verke urimeleg høgt i høve til at det ikkje er omsetteleg i den opne bustadmarknaden, seier Jarle Aarvoll (Ap).

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.