Førdeordførar Nils Gjerland seier det er viktig å ta vare på Torsheim sin kunst, slik at framtidige generasjonar også kan få glede av den.
Kommunen vil difor jobbe for å få til eit museum så raskt som råd, gjerne som ei eiga avdeling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Veldig glad
Torsheim har samla bilete i mange år, og seier han er veldig glad for planane om eige museum. –Det styrkar litt egoet, seier ein stolt kunstnar, som lovar at til eit museum trengs det òg ny kunst.
Torsheim blir i desse dagar òg heidra med eigen skulptur. Foto Ragnvald Søgnesand.
Stig Eikaas-skulpturen av Torsheim er ein meir omstridd presang til jubilanten. Sjå Torsheim-statue på plass.