Får melding om glatte vegar

Vêrendringa ser i morgontimane ut til å ha ført til mindre vanskar enn venta. Vegtrafikksentralen har fått melding om snø i vegen og glatt føre på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland, og på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Det er likevel grunn til å oppmode folk om å køyre varsamt.